Flotte, lokale og nyttige handverksprodukt frå Bakkejekta!

Jektekruset
er laga av keramikar Knut Skoghei på Hellevik i Fjaler. Det er teikning av Bakkejekta på eine sida og logoen på den andre. Du får kruset med eller utan hank. Alt smakar godt i jektekruset!

Jektekniven
frå Helle Fabrikker i Holmedal. Denne flotte brukskniven er laga etter modell frå knivar i funn frå vikingtida. Etter vår meining ein av dei beste bruksknivane Helle har laga (og det seier ikkje lite!), og han Sjur som bygde jekta kan godt ha hatt ein slik kniv rundt 1750. Bakkejekta-logoen er inngravert i bladet. Ei flott gåve og ein livsvarig følgjesvein!

T-skjorter
Kvalitetsskjorter for vaksne med Bakkejekta-logoen på venstre arm.
Farge: Svart. Storleikar: S-M-L-XL
For barn med logoen på brystet.
Farge: raud, blå og svart.
Storleikar: 4-5 år – 6-8 år – 9-11 år

Huer
Svart hue med jektelogo på bremmen. Regulerbar storleik.

 

Prisliste
Jektekrus kr. 250.-
Jektekniv kr. 400.-
T-skjorte kr. 100.-
Hue kr. 100.-
Porto kjem i tillegg

 

Du kan tinge produkta hos
Stiftinga Jensbua
Postboks 24, 6961 Dale
57 73 90 20 eller 91 38 34 59
E-post: ove@jensbua.no


 

 


 

Partslaget Bakkejekta

Styreleiar Bjarne Akse
6957 Hyllestad
Epost: bjarne.akse@enivest.net
Tlf: 577 88 525 / 952 00 611

Driftsansvarleg Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
Epost: ovelos@online.no
Tlf: 97 07 91 39

Bankkonto 3705.10.25319
Kjenningssignal Bakkejekta LE 4785