Fylgjande vedtekter er fastsett for Partslaget Bakkejekta:
§ 1. Føremål
Byggje, eige og drive
ei ny jekt som er replika av den originale Bakkejekta, - bygd etter
same mål og handverksteknikkar som originalen.
Den nye Bakkejekta skal byggjast og høyre til i Dalsfjorden og Ytre
Sogn. Ho skal fremje interessa for kystkultur, historie og handverk i regionen,
og knyte oss betre saman på tvers og langs av fjordar og fjell.
Byggjing og drift av den nye jekta skal gi innsyn i, dokumentere og spreie
kunnskap om materialval, byggjeteknikk, rigging og segling av slike jekter,
- som i tidlegare tid var livsnerven mellom bygdene og mellom by og bygd.
Drifta av den nye Bakkejekta skal og vere eit tilbod til lag, foreiningar
og organisasjonar, med samanfallande føremål, - for å støtte
opp om og styrkje deira arbeid og livskraft.
§ 2. Partseigarar;
stemmerett og ansvar
Privatpersonar, kommunar og andre private og offentlige institusjonar
kan eige partar i Bakkejekta.
Parthavarar som har betalt
partsbrev har stemmerett på årsmøtet
ved personleg frammøte, eller ved å gje skriftleg fullmakt.
1 part gjev 1 stemme, avgrensa oppover til 5 stemmer på kvar
partshavar.
Parthavarane sitt ansvar er avgrensa til innbetalte partar.
§ 3. Årsmøte
Årsmøtet er partslaget sitt øvste organ og skal
haldast innan utgangen av mai månad kvart år. Innkalling
med saksdokument og framlegg til saksliste skal sendast til partseigarane
minst 2 veker før møtet.
Å rsmøtet skal kunngjerast i lokalpressa og på partslaget
si heimeside, www.bakkejekta.no , minst 2 veker før møtet.
Årsmøtet skal handsame årsmelding, innkomne forslag,
samarbeidsavtaler med og/eller tilslutning til andre organisasjonar,
revidert årsrekneskap, arbeidsprogram og budsjett, val av styre,
valkomité og revisor.
Saker som ein ynskjer tekne opp i årsmøtet må vere sendt
til styret seinast 4 veker før årsmøtet.
Avstemmingar vert avgjort med vanlig fleirtal, ved like stemmetal
vert utfallet avgjort med loddtrekking. Stemmegjeving skal vere skriftleg
dersom ein partseigar krev det.
§ 4. Styret.
Årsmøtet vel eit styre som skal ha 5 medlemmer, kvar
med funksjonstid på 2 år,
og 3 varamedlemmer, kvar med funksjonstid på 1 år.
Av styremedlemmene vel årsmøtet ein leiar for 1 år.
Høvesvis 2 og 3 styremedlemmer er på val kvart år.
Første ordinære årsmøte peikar ut 2 styremedlemmer
med 1 års funksjonstid.
Styret tek vare på partslaget sine interesser mellom årsmøta,
og representerer laget.. Styret gjer sine vedtak med vanlig fleirtal.
Ved stemmelikskap har styreleiar dobbeltstemme. Styret er vedtaksført
når minst 3 medlemar er til stades.
Styret tek opp saker i
samsvar med partslaget sitt føremål
og vedteke arbeidsprogram.
Styret fører og rekneskap for partslaget og legg dette fram for årsmøtet
saman med arbeidsprogram og budsjett.
I saker som normalt skal
handsamast av årsmøtet, og årsmøtet
ikkje vert innkalla på grunn av tidsfaktoren, kan styret gjere
vedtak når alle styremedlemane er samde. Slike saker skal likevel
handsamast på første ordinære årsmøte
etterpå.
Styret skal meddele prokura.
Styret kan også oppnemne råd/utval
og delegere myndigheit til disse.
Styret kallar inn til årsmøte
i samsvar med vedtekter for partslaget.
§ 5. Endring
av vedtekter.
Vedtektsendringar kan berre
gjerast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte
etter å ha vore oppført på sakslista, og krev minst
2/3 fleirtal.
Endring i §§ 1 og 6 må vedtakast i 2 påfylgjande årsmøte
med 2/3 fleirtal for å være gyldige.
§6. Oppløysning
av partslaget.
Vedtak om oppløysing av Partslaget Bakkejekta, eller overføring
av heile eiga, kan berre gjerast med 2/3 fleirtal på ordinært årsmøte,
og i tillegg med 2/3 fleirtal på påfylgjande ekstraordinært årsmøte.
Vedtak i tråd med dette skal gjerast med eit tidsrom på min.
2 månader mellom ordinært og ekstraordinært årsmøte.
Vedtekne på årsmøte
i Partslaget Bakkejekta 12.11.2004