Logg 2009 – Logg 2008 – Logg 2007 Logg 2006

Kyrkjeferd til Holmedal – Landmarkjubileet og Dalsfjordveka 2008

I år er det 200 år sidan sorenskrivar Nils Landmark kom til Tysse i Fjaler, og Partslaget vart spurt av jubileumsnemnda om å delta i kyrkjeferda til Holmedal, som skulle vere ein del av jubileumsfeiringa. Sjå meir om jubileet og programmet på www.dalsfjordveka.no.

Partslaget tok utfordringa og gav jubileumsnemnda eit tilbod om å stille med jekta og småbåtar – til saman 4 seksringar.

I vekene før har vi sjøsett og stelt båtane, m.a. har vi hatt dei liggande med mykje vatn i for trutning og for å unngå oppsprekking i godveret.

3 av seksringane eig Stiftinga Jensbua, ein eig Ove Losnegård. Vi takkar så mykje for lånet!

Sundag 3. august 2008

Avgang Jensbua ca 08 30
Med jekta og 4 seksringar. I jekta var Asbjørn Igelkjøn høvedsmann og Bjarne Akse, Leif Akse, Hjørdis Åsnes, Oddvar Åsnes og Ove Igelkjøn mannskap. I oselvarseksringen sat Ove Losnegård, i ”Brasen” Arthur Boge, i ”Einabåten” Markvard Eikerol og i ”Laukelandsbåten” Per Nedrebø og Margrete Reiseter.

Vi rodde ut til ”Fruens Hamn” (hamna til sorenskrivargarden/Lillingstonheimen) for å ta om bord medroarar/-seglarar.

Veret var skiftande, men regnet som var meldt heldt seg vekke, og etter kvart vart det lettskya med sol. Det var også ein liten trekk frå aust.

8 medroarar vart tekne på ved ”Fruens Havn”, og vi vende stamnane mot Holmedal.

Avgang Fruens Hamn ca 09 15

Vi rodde i spreidd orden utover fjorden – om lag halvvegs tok vi båtane saman og hadde kaffipause ilag. Då kom det litt meir trekk ut fjorden, og med klutane til jekta og oselvaren oppe siglde kaffipausen i 1 knops fart mot Holmedal. Her fortalde Haldis Eikerol og Per Nedrebø at dei hadde rodd til kyrkje i Holmedal mange gonger. Ein av gongene var Haldis brur!

Om lag ved Kleppeneset sleppte vi kvarandre, og segla og rodde vidare i formasjon (med jekta først) mot Holmedal. Utanfor Holmedal møtte oss ein liten flåte av robåtar, og ei flaggborg av bunadskledde møtte oss på kyrkjevoren!

Ank. Holmedal, kyrkjevoren 10 30

Flaggborga leidde så folket til gudsteneste i Holmedal kyrkje.

Etter preika var det mange aktivitetar i den nye, flotte hamna, servering i bygdehuset og på ”Holken” og rokonkurranse. Her stilte Bakkejekta med to lag, men måtte gje tapt for ein liten og fin nordlandsbåt. Jektelaga kom på andreplass og nest sist – for lite trening!!!

Flott dag i Holmedal – tusen takk for oss!

Avgang Holmedal ca 16 10

I den fine, labre (flaue?) brisen frå nordvest siglde oselvaren og jekta pent innatt Dalsfjorden. Robåtane hengde seg på jekta.

Ank. Jensbua ca 18 00

Takk til Stiftinga Jensbua og Ove for lån av båtar, og til Landmarkjubileet for oppdraget!

Loggførar:
Ove Losnegård

Tur til Forbundet Kysten sitt landsstemne i Fosnavåg 16. – 21. juli 2008

Vi har lenge gledd oss til å ta jekta til eit landsstemne. Då det var i Kalvåg i 2005, var ikkje jekta ferdig, og seinare har det vore så langt vekke at vi ikkje har våga oss i veg. No hadde vi sjansen med dei om lag 90 mila til Fosnavåg – det skullevere overkommeleg om Stadten er nokolunde velviljug. Planen var å reise måndag 14. – då skulle vi ha god tid, men så kom det meldingar om stiv og sterk kuling, og vi valde å utsetje til onsdag. Då skulle det løye.

Vi hadde avtale med ”Penelope” og Steinar Jørs om at han skulle vere følgjebåt og stand by-skip, så vi skulle vere trygge på å kome velberga fram.

Onsdag 16. juli 2008
Dagen kom med SV laber til frisk bris med regnbyger. Ove Losnegård, Anders Pihl og Arthur Boge reiste til Askvoll og tok ut derifrå ca. 08 00

Vi prøvde eit slag for å kome oppover Granesundet, men her stor han rett imot. Vi påhengsa oss difor opp mot Staveneset. Fin bør derifrå, logga opp til 6 knop over Stavfjorden – nydeleg! Litt sjø, men jekta dansa så fint og behageleg at det var ein fryd! Det stilna litt av nord for Askrova.

Passerte Trefotskjeret ca. 10 30
Passerte Oddane 11 25
Stb. Skaut slitna. Fin bør vidare nordover.
Passerte Stabben 12 00

Vi siglde og siglde, vi er så vel vande med at vinden stilnar når vi skal ut med jekta, men no var det flott vind oppover heile Frøysjøen. Då vi runda Hornelen, vart det berre roser, så då tok vi slepar frå ”Penelope” vidare ut Skatestraumen og opp Måløysundet.

Ank. Raudeberg 18 45

På Starheimsbuda på Raudeberg fekk vi nydeleg fiskesuppe, nubbesild og kaffi av Vågsøy Kystkulturlag – tusen, tusen takk! Vi traff også gjengen frå ”Stokk og stein” og andre hyggjelege folk.

Arne L. Osland hadde mønstra på hos Steinar i ”Penelope” – velkomen i mannskapet! Vi køya om bord i ”Penelope”, vel nøgde med den lengste og flottaste seglaset vi har hatt med den nye Bakkejekta!

Torsdag 17. juli 2008
Etter ei god natts søvn utan all verda snorking, og frukost om bord i ”Penelope”, tok vi ut frå Raudeberg 08 50
Liv i sekskeipingen ”Knut” frå Bremanger ringde og sa at dei hadde snudd pga høg sjø nordom Kråkenes, så dei var gått til Silda for å vente på at han legg seg litt.
Vi sette segl like utanfor hamna i Raudeberg, men tok imot slepar då vinden stod imot ned sundet. Redningsskøyte ”Halvdan Grieg” kom oppunder og spurde om farten vår – vi sa 3 – 8 knop. ”Penelope slepa oss eit stykke utover Sildagapet. Anders oppdaga ein skade i sleparen like framfor baugen vår, og den slitna like før Gamla (lyd- og lysbøye ved sørvestre hjørnet av Stad). Det var til dels grov sjø, 2 – 4 m, laber bris frå VSV.

 

Vi fekk ny slepar om bord etter å ha sigla litt – heiv opp segl for å halde oss frå land. Det var svært ubehageleg å slepe i høg sjø, harde rykk som sikkert ikkje gjer jekta godt. Vi bør nok lage eit sterkt slepebeslag i lotet og sikkert også legge inn ei fjøring (bildekk eller liknande) for å dempe belastninga.

Etter eit lite stykke med ny slepar i stor sjø og med harde rykk slitna den også. Då var vi like utanfor lykta ved Ervik med mykje straum- og rotesjø. Redningsskøytene ”Emmy Dyvi” og ”Halvdan Grieg” var då like i nærleiken, så heilt ille ute var vi nok ikkje. Dessutan viste Arne og Steinar i ”Penelope” god sjømannskap då dei fekk ombord ny slepar. I mellomtida hadde vi fått opp seglet for å halde oss i frå.

Vi vart så slepa til like nord for Stad – der sette vi segl og lensa innover mot Herøyfjorden og Fosnavåg. I byrjinga meir sjø enn vind, etter kvart meir stabilt i 3 – 5 knop innover. Vi siglde mellom alle stakan under brua før Fosnavåg og siglde inn på hamna 17 15

Fantastisk, vi er her!!

Fredag 18. juli 2008
Fin dag i Fosnavåg, med sol og god stemning. Ove gjekk på skippermøte kl 09 00, men valde å ikkje melde oss på kappseglasen. Rune Burdahl med ”Azora”, derimot, melde seg på, og med Anders frå oss med som mannskap vann han heile segtlasen! Gratulerer! Arthur mønstra på hos ”Knut” frå Bremanger i seglasen.

Vi hadde stand på flytebryggja ved jekta heile dagen, og selde litt effektar. Anders og Arthur er utmerka seljarar!

 

På ettermiddagen mønstra Marit Steinsund, Ronald Toppe og Bjarne Akse på som mannskap – hjarteleg velkomne!

Arthur grilla medbrakt Jersey-kjøt til eit herleg måltid i jekta, og vi hadde også mannskapsmøte under måltidet. Ove vart vald til høvedsmann også for resten av turen.

Laurdag 19. juli 2008
Ny, fin dag, men litt meir skya og noko nordatrekk. Anders mønstra av – tusen takk for flott innsats og godt kameratskap!

På skippermøtet vart vi valde til å vere med på defileringa kl. 14 00. Vi deltok i fellesfrukost i det store messeteltet kl. 10 00.

Etter frukost rigga vi standen og etter kvart gjorde vi oss klare til defilering
Avg. Fosnavåg ca. 13 15

 

Marit og Stienar (Jørs) på årane framme, Ronald, Arthur og Anders på årane akter. Ove var høvedsmann. Vi rodde ut sundet saman med dei andre båtane, og la oss til å vente på signalet. Etter kvinnevikingskipet ”Embla” rodde vi inn i vågen att med 100 – 150 m mellomrom. Publikum på begge sider av sundet helste oss, og vi helste tilbake med seglet. Ove hadde laga ein liten omtale av Bakkejekta til speaker, og den vart lesen opp då vi rodde forbi.
Til kai att ca. 15 00
Standen vart rigga att, og mange var innom. Arthur tok vel imot dei – ein god seljar er gått tapt i han!

 

Kl. 19 00 var vi med på festmiddag i Herøy Kulturhus, med talar og prisutdeling. Rune og ”Azora” vann kappseglasen, og Bakkejekta vann prisen for beste handverk – gratulerer alle båtbyggjarar, handverkarar og friviljuge som har æra av denne prisen!

Les om prisen i ”Firda” her…

Mannskapet på Bakkejekta og ”Penelope” summerte opp stemnet med noko blanda kjensler. Noko rotete, lite tematisk og svært spreidd, sjølv om det var rimeleg god bussteneste. Vanskeleg å få oversikt over båtar og servicetilbod – lite informasjon og skilt. Festmiddagen var dyr og svara ikkje heilt til forventningane, verken maten eller talane, medan prisen til Bakkejekta smaka svært godt!

 

Takk for oss, Fosnavåg!

Sundag 20. juli 2008
Avgang Fosnavåg 06 10

Svak, nordleg vind, skya. Vi tok slepar frå Fosnavåg og utover Herøyfjorden i 5 – 6 knops fart.
Passerte Stålet på Stad ca. 09 00
Vi sette segl om lag 09 30, då var vi rett utanfor Bukketjuvane. Derifrå siglde vi vi rett sørvest om Gamla, då stilna vinden og vi kom litt for nær brota utanfor Gamla. ”Penelope” hadde då gått inn til Silda, så vi slepa inn Sildagapet med ”Falken”.

Ank. Silda ca. 13 30
På Silda tok vi mat- og dusjepause – til og med Arthur fekk vi vaska. Vskker øy og grend med spennande restaurant – Skjærbuda – her kjem vi gjerne attende!
Avgang Silda ca. 15 30
Vinden hadde auka på litt frå nord, og vi lensa i fin vind (3 – 6 knop) sør Måløysundet og inn mot Skatestraumen. Eit lite påhengsavbrekk ved Risøy, elles så siglde vi inn Skatestraumen.

Passerte Hornelen 19 00
Vi siglde i fin vind ned heile Frøysjøen (rett nok med litt fall- og tullevindar sommar stader – t.d. like utan for Berlepollen og ved Smørhamn), og kryssa over til Kalvåg, der ”Penelope” venta og Lill hadde mønstra på.
Ank. Kalvåg ca. 22 30
Ei ny, flott dag vart avslutta med pizza og hyggjeleg prat på Knutholmen.

 

 

Måndag 21. juli 2008
Etter ein god og hyggjeleg frukost om bord i jekta i Kalvåg, tok vi ut ca. 12 30
Peisande nordavind, frisk bris. Vi kava litt for å kome oss ut av hamna, men klarte til slutt å kome oss klar stakane. Sette segl sørover i leia langs Hovden/Barekstadlandet.

 

Det var opptil liten kuling, og vi logga maksfart på 8,8 knop(!), i snitt over 6 ifølgje GPS’en. Vi ser at vi må drille rutiner og kommandoar noko betre, slik at alt går raskare og smidigare når vinden er stri. Det er vel trening som vantar!
Passerte Trefotskjeret 15 30
Litt slakkare vind over Stavfjorden, men vi logga 4 ½ - 6 knop.
Passerte Staveneset 16 30
Vi siglde sør Granesundet og heilt inn på Askvoll hamn – mellom ferjene. 17 30 Flott seglas avslutta på ein flott måte, og høvedsmannen sin lovnad om middag til mannskapet om vi segla til kai, måtte oppfyllast. Det gjorde vi på Askvoll Sjøbuer, og vi nytta også høvet til å evaluere turen litt. Dei viktigaste punkta var desse:
• På langtur bør det vere ein høvedsmann heile turen, slik at det ikkje blir for oppstykka og forvirrande
• Rutinar og kommandoar bør drillast og trenast på, og vi må gjere som høvedsmannen seier, sjølv om vi er usamde. Så får vi ta det opp med høvedsmann etterpå
• Vi bør lage til segltreningsturar – helgar – der vi berre seglar og trenar, utan å skulle nå fram til ein stad

Så mønstra Marit og Ronald av – tusen takk for turen og flott innsats!

Avgang Askvoll ca. 19 30
Fin NV bris inn Dalsfjorden, slakna av ved Vårdal. Påhengsa oss inn til Jensbua.

Ank. Jensbua ca. 21 45

Arthur, Bjarne og Ove mønstra av og takka kvarandre hjarteleg for ein historisk tur! Pinglete sunnfjordingar to gonger over Stad på ei veke! Høvedsmannen takkar alle som har gjort turen mogeleg, og til eit flott mannskap som torde vere med!

Loggførar og høvedsmann:
Ove Losnegård

Losnaspelet 2008

Vi vart spurde i vår om å på nytt vere med i Losnaspelet med Bakkejekta, slik vi var det for to år sidan. Vi set stor pris på å bli spurde og har gledd oss lenge. Mannskap denne gongen var Ove Losnegård (høvedsmann), Anders Pihl og Joakim Janninge. Sjå også www.losnaspelet.no.

Fredag 11. juli 2008
Vi pakka i jekta frå 10 00.
Avgang frå Jensbua 12 00

Det var stilt på fjorden, så vi batt følgjebåten ”Falken” på sida og kveikte 10 hk Yamahaen. 5,3 knop ut Dalsfjorden i svak vind frå NV.

Passerte Lammetunbrua ca. 14 00

Vi sette segl då vi hadde kome ut Følsundet, og lensa i fin vind og snitt på 3 knop sør mot Losna. Nokre få dropar, elles opplett. Anders sjekka eposten sin og Joakim takla tau.

Passerte Kraksnova ca. 16 00

Ank. Losna 17 15
(Litt seint til gjennomgang av spelet, men tidsnok til middag!)

Laurdag 12. juli 2008
Vi sov i den nye lavvoen til Bakkejekta – det gjekk fint, sjølv for gamle folk!
Per Daniel Losnegard og Erik Gåsvær mønstra på – to unge sjøfolk av beste slag!

Avgang for generalprøve 10 15
Vi rodde ut, slo eit par slag for segl og la ut ein dregg mellom Karlsflua og Brannskjeret. Vi sette dessverre segl og for altfor tidleg, fordi høvedsmannen tok feil av signalet frå spelet.
Til kai att på Losna 12 40

Avgang for spel 13 30
Spelet skulle byrje 14 00, og avtalen med instruktør Rolf var at vi skulle vere i posisjon mellom Brannskjeret og Karlsflua då. Så skulle vi ha seglet oppe ei lita stund. Vi skulle sette segl att då riddarens og hans menn for frå Losna og Odla skreik: ”Måtte pesta ta dei!”. Alt dette gjekk fint, ikkje minst takka vere forsterkingane Erik og Per Daniel. Vi fekk til og med skryt at instruktøren etterpå!

Om kvelden var det adelsfest med middag og ein flott konsert med nye og gamle losningar (Jørdi, Helge Jordal m.fl.)

Joakim sov i jekta med det nytalga seglet over framfor masta. Det gjekk fint, og seglet heldt vatnet bra ute. Joakim såg frisk og fin ut om morgonen – kanskje betre enn dei to i lavvoen??

På infostanden vår selde vi 2 knivar, 1 krus og 2 huer.

Sundag 13. juli 2008

Avgang for spelet 13 00

Vi sigla to slag inn mot Lifjorden i frisk nordavind – litt problem med vendingane (mykje bakk). Men vi siglde inn i posisjon i bra tid og utatt også. Etter spelet slo vi eit slag innatt mot Lifjorden og siglde til kai på Losna. Ove og Per Daniel for utatt med Falken for å ta opp dreggen, men den låg heilt fast, så vi måtte late den ligge. I mellomtida skulle Anders og Joakim ro jekta ut frå kaia for å ta slep frå ”Penelope”, men dei hadde problem med å halde ho oppe i nordavinden. Vi kom til unnsetning med Falken, og høvedsmannen fekk kjeft etterpå for uvetige ordrar. Det er slike slag som livet gjev, men lærdomen må vere at vi må vere 4 på årane i litt vind.

Sundag selde vi 1 krus og 1 skjorte.

Avgang frå Losna 15 15

Vi tok slep med ”Penelope”, den fine skøyta til Steinar Jørs frå Eivindvik. Han slepa oss heilt til innseglinga til Følsundet, sleppte oss der ca. 17 30
Tusen takk, Steinar!

Vi siglde inn Følsundet, påhengsa oss opp Lammetusundet og siglde inn til Flatøyna. Derifrå påhengsa vi oss til Askvoll.

Ank. Askvoll ca. 20 15
Bernhard Tysse skyssa oss til Jensbua.

Vi takkar Losnaspelet, alle kjekke folk på Losna og ikkje minst Erik og Per Daniel for flott helg på Losna! Takk til mannskapet for flott innsats og godt humør!

Loggførar:
Ove Losnegård

Seglkurs med Bakkejekta 23. – 25. mai 2008
Partslaget Bakkejekta vil gjerne ha seglkurs med jekta minst ein gong i året – dette for å bli flinkare til å segle råsegl, både for nybyrjarar og vidarekomne. I år – som i fjor – inviterte vi Anders Geertsen til å komme og vere instruktør for oss Han har segla svært mange av råseglarane i norden, og vi var godt nøgde med kurset vi hadde med han i 2007.

Fredag 23. mai 2008
Deltakarane Anders Pihl, Marit Steinsund, Ronald Toppe, Joakim Janninge, Asbjørn Igelkjøn, Ove Losnegård og voluntørane Philipp (Tyskland), Andrew (England), Katja, (Estland) Anja (Polen) og Anne (Nederland) samla seg på Jensbua kl. 18 00 til god suppe frå Matglede.

Etter prat og mat bar det til sjøs – vinden var som seg hør og bør når Bakkejekta skal ha seglkurs – altså: Lite vind i fjorden. Men vi heiste segl og fekk trene på segl opp og ned, sortering og namnsetjing av tau osv.

Etter kvart fekk vi ørlite vind i seglet og toppfarten vart 2,8 knop – ut fjorden. Så då vart det eit stykke å ro attende, men med mange som delte på årane vart det ein fin tur. Vi kom presis til kai på Jensbua klokka 22 00.

Vi gler oss til i morgon!
Loggførar: Marit Steinsund

Laurdag 24. mai 2008
Arthur Boge vart med i dag, Anders Pihl var ikkje med.

Same fine veret! – men lite vind tidleg på dag. Før vi la frå kai, lærte vi om fortøyning og å lage sovetelt om bord av segl og rå.

Jostein/Matglede leverte kyllingsalat og brød til nistemat.

Avgang Jensbua om lag 10 30.

Etter ein liten fotoseanse utanfor Jensbua, segla vi utover Dalsfjorden i slakk nord/nordaustleg vind. Vi hamna i Holmedal i 13-tida – der la vi oss til den nye gjeste-flytebryggja. Eit lite problem her var at bryggja enno ikkje er kobla til land, og det skapte vanskar for dotrengde jektefolk. Då dei endeleg kom seg på land, var det ikkje eit ope toalett å oppdrive. Dette må de få til, Holmedølingar!

Etter mat kryssa vi oss utallige og lærerike gonger over Dalsfjorden, og i 17-tida var vi komne på høgd med Boge/Sylvsteinen – då fekk vi hjelp med slep innatt så vi var ved kai att ved Jensbua kl. 18 00.

Vellukka og lærerik dag der nye jekteseglarar og litt meir røynde fekk arbeide saman – til ny lærdom for nokre og til heilt naudsynt repetisjon for andre!

Sundag 25. mai 2008
Anders Pihl kom att i dag, Asbjørn Igelkjøn var ikkje med.

Dagen starta med nydeleg, varmt, men heilt stille ver. Vi rodde nord i Dalsfjorden og la oss til å vente på vind. I ventetida flekte dei tøffaste av oss av seg kleda og hoppa uti ein vårkald fjord (13 – 14 grader!).

Etter kvar kom den melde nordavinden, i dag inn fjorden. Vi segla etter nokre vendingar bort til ei kai ved Eikenes, der vi åt nydeleg pai og salat frå Matglede.

Vinden auka på, og vi fekk fin bør til mange stagvendingar før vi segla til kai på Jensbua kl. 16 00.

Tusen takk til alle deltakarane for godt lag og flott innsats, til Anders for god kursleiing og instruksjon, og til Matglede for nydeleg mat!!

Loggførar: Ove Losnegård

  Bilete frå Seglkurset finn du her…….

  Flere bilete frå Seglkurset finn du her……(Ronald Toppe) .

>> Les kva TV 2 skriv om solgangsbris og sjå flotte bilete av Bakkejekta på Dalsfjorden her!

>> Her kan du lese Ronalds blogg frå seglkurset

 



Partslaget Bakkejekta

Styreleiar Bjarne Akse
6957 Hyllestad
Epost: bjarne.akse@enivest.net
Tlf: 577 88 525 / 952 00 611

Driftsansvarleg Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
Epost: ovelos@online.no
Tlf: 97 07 91 39

Bankkonto 3705.10.25319
Kjenningssignal Bakkejekta LE 4785