Logg
2009 – Logg 2008 – Logg
2007 – Logg
2006
Seglkurs på vårvakker Dalsfjord!
Bytur med jekta 29. juni – 4. juli 2007
I vår vart vi invitert av Bergen Kystlag til å segle saman
med jekta ”Den Gode Hensigt” første veka i juli. Etterkvart
fann vi ut at vi kunne kombinere den turen med ein generalprøve
på bytur med jekta i helga i forkant. I løpet av mai og
juni hadde vi på dugnadene laga lemmar over ballasta bak masta
og gjort ein del anna tilriggingsarbeid på jekta.
Fredag 29. juni 2007
Avgang frå Jensbua kl. 17 01
Mannskap: Anders Pihl, Ove Losnegård, Asbjørn Igelkjøn, Arthur
Boge, Bjarne Akse, Oddvar Åsnes og Jofred Åsnes. Gaute Losnegård
kom ombord på Vårdalsneset. Markvard Eikerol slepa oss til Sylvsteinen
med påhengsen i nordleg lett bris, så overtok ”Afrodite” (Laila
og Kjell Åsnes) ut til Leirvåg på Atløy – tusen
takk til dei!
Frå Atløy segla vi vakkert i nordleg laber bris sørvestover
mot Solund. Vi segla gjennom Skomakaren 20 30. På veg gjennom Lågøysundet
fløytte vi på gudmor Gudrun, og ho kom ut på altanen
og vinka til oss.
22 45 Vi segla til kai på Litle Færøy
Her vart vi svært godt tekne imot av Roar, Jon, Kjersti og Margit,
som hadde laga fiskerisotto til ein svolten kargjeng. Eit herremåltid
med god prat til – tusen takk!
Den nordlege vinden stod etter at sola hadde gått ned, så vi
bestemte oss for å segle vidare i natta. Roar Moe mønstra
på.
Laurdag 30. juni 2007
00
00 Avgang Litle Færøy
02
30 Vi passerte Trongen og kom ut i Sognesjøen
Vinden stilna av utover natta, og litt før 05 00 byrja vi å ro
over svartestill Sognesjø. Nydeleg natt! Straumen rann nordover,
så det var så vidt det gjekk på fram. Ove gjekk då i
Humla (10 fots gummibåt med 4 hk motor) og slepa i 2 timar til
moloen på Byrknesøy.
08 00 Ank. Byrknesøy
Etter ein fin pause, litt proviantering og kvile kom Harald Bremnes
(syskenbarn til Arthur) med båten sin. Han slepa oss ut i Fensfjorden – tusen
takk! – der ein laber nordleg bris tok oss vidare i 2 – 3
kops fart mot Fedjefjorden. Mannskapet var noko trøtte etter natta,
men stemningen var god om bord, og vi gledde oss til å lense mot
byn. Men så – litt sør for Fedje – dreia vinden
over på sørvest. Vi prøvde å halde høgde,
kryssa litt, men såg at vi ikkje ville kome oss ut på byn
i kveld. Vi fall difor av og kom til
18 45 Fedje, Kremmerholmen
Inn til Fedje hamn kryssa vi mellom stengene og det gjekk fint på 2.
forsøk. Godt mannskap!

Sundag 1. juli 2007
Anders og Ove låg om bord – vi spente ei år frå vengtaket
til masta, la presenning over og heiste seglet litt opp. Så låg
vi på ballastflakane – nydeleg!
Dei andre – Oddvar, Gaute, Asbjørn, Gaute, Bjarne, Arthur,
Roar og Jofred – leigde havbu på Kremmerholmen. Vi andre
fekk lov å stelle og dusje oss der.
Nydeleg morgon – berre slakk og skiftande nordleg grel, men slørskyer
på himmelen – blir det verskifte?
Oddvar, Jofred og Anders mønstra av og tok ferje, buss og båt
til byn og heimatt. Dei hadde berre helga og skulle på arbeid måndag.
Tusen takk for flott innsats, godt humør og fin tur!
Vi andre for på guida tur med bygdebokforfattarkollega av Gaute – Arvid
Skogset – tusen takk for flott og innhaldsrik tur!

16 10 Avgang Fedje
16
20 Sette segl
Platt lens sør Fedjefjorden med 3 – 4 knop. Vinden slakna
av då vi gjekk inn ved Skjelanger, så vi sette Humla i gang
med å få oss inn til
22 00 Herdla
Her la vi oss i jekta alle utanom Arthur, som sette opp telt på kaia.
Vi strekte seglet framom masta og ei år bakom. Gaute la seg på vengtaket(!).
Om natta kom regnet, og Asbjørn spratt opp, for rundt som ein
kvit tornado og strekte presenning over seglet. Takka vere han vakna
vi rimeleg tørre om morgonen.
Det var slutt på maten etter kvelds – ein skalk, eit eple
og 2 kvalpølser frå Fedje var att.
Måndag 2. juli 2007
Ove og Gaute sette avgarde på handleekspedisjon på morgonkvisten
med gummibåten Humla. Rossland på Holsnøy var næraste
butikk – kor blir det av kaibutikkane i Hordaland? Ekspedisjonen
tok 2 ½ time – så frukost 11 30. Nokre av oss gjekk
på Herdla Museum (kanskje mest for å gå på do?),
og vi vart intervjua av lokalavisa Askøyværingen.
Sjå reportasjen
her 
13 25 Avgang Herdla
Flau til lett bris på Hjeltefjorden. Vi bestemte oss for å snu
stamnen nordover att, sidan det var meldt søraustleg vind fleire
dagar fram. Så nær Bergen – og så vart det ikkje
likevel! Men humøret var bra og vi såg fram til å segle
i farvatn med butikkar på kaiene!
14 40 Vi passerte Medfjordbåen
Fin, men sakte lens nordover Hjeltefjorden, så gjekk vi inn ved
Austrheim og krongla oss nord ei lei forbi Rebnor og Sævrøy.
Spennande, med store utfordringar til navigatørane /Roar og Asbjørn),
høvedsmann (Arthur) og rorskarar (Bjarne og Ove). Vi kom til slutt
utatt i Fensfjorden. Like før Vikingnes i Gulen stilna vinden
heilt av, så vi kveikte Humla og let den surre oss inn til Vikingvågen.
Planen hadde vore at Rolf Losnegård og Ove Myklebust med ”Maksver” skulle
gå frå Dalsfjorden kl. 12 00 denne dagen for å møte
oss og vere følgjebåt resten av turen. Så fekk Maksver
motortrøbbel, så dei vart ein del forseinka. Men dei møtte
oss utanfor
22 45 Vikingvågen
23 30 Dei slepa oss i motvind til Mjømna
Vi la oss saman i flytebryggjene på Mjømna. Ove, Ove og
Asbjørn låg i jekta, resten i Maksver.
Tysdag 3. juli 2007
Litt regn om natta, men vi låg tørt under segl og presenning.
Gaute mønstra av om morgonen og tok rutebåten nordatt. Tusen
takk for flott innsats, Gaute! Til vår store overrasking og mykje
lått oppdaga vi følgjande vesle notis i BT under ”Havnen”:
Bradbenken: Bakkejekta kom lørdag og går videre i
dag kl. 20 00. Truleg er grunnen ein epost Ove sende til Bergen
Hamnevesen med førespurnad om kaiplass, men vi kosa oss i alle fall
mykje med dette provet på at vi har vore i Bergen!
12 00 Avgang Mjømna
Søraust bris. Vi segla nord Mjømnesundet. Ove L. var i
følgjebåten Maksver. Flott segling til Skjerjehamn, der
vi såg oss om og fekk flott omvising av byggmeister Arve Mjømen – tusen
takk! Vi var alle imponert over det dei held på å få til
i Skjerjehamn – sjå www.skjerjehamn.no – høg
kvalitet på alt vi såg. Gratulerer!
14 10 Avgang Skjerjehamn
Litt segling og litt sleping.
16 00 Ank Glavær
Glaværet var jektehamn i gamle dagar, og det ville vere rart om
ikkje gamlejekta hadde lagt her på sine turar til byn. Vi skreiv
ei pen helsing til Straume, som stod på døra til det flotte,
gamle huset, og hengde den på døra ilag med ei jektehue.
Tusen takk for oss!
Vi laga og åt middag på Glavær.
19 00 Avgang Glavær
Jekta vart rodd ut frå Glavær mot nord og vest. Vel ute
på Sognesjøen stod vinden frå nord, så jekta
vart slepa nord under Nesøy i Solund. Frå der sigla ho til
innløpet på Indre Steinsund, der vi tok oppatt slepet.
21 30 Ank. Hardbakke
Vi avslutta ein fin jektedag med eit herremåltid på Solund
Bryggje – fiskesuppe, breiflabb og brosme – fantastisk godt
og veldig god service! Terningkast 6!
Roar mønstra av her og for heim til Litle Færøy – tusen
takk for flott innsats!
Ove & Ove låg i jekta, resten i Maksver.
Onsdag 4. juli 2007
Stille, overskya, regnbyger.
12 00 Avgang Hardbakke
Etter god frukost i Maksver, rodde vi ut sunda og vart slepa i rett
motvind opp til vestsida av Færøy (sør for Lågøy).
Rolf og Arthur i Maksver. Der gjekk vi i land og gjekk opp til hola i
fjellet. Hola er som ein katedral, men det er svært trongt å presse
seg inn. Sjølv om kosthaldet om bord hadde vore godt, kom alle
seg inn. Spektakulært, og med flott utsikt over skipsleia over
mot Indrøy og Oddekalv.
15 40 Avgang Færøy
I stilla slepa vi nordover. Passerte
17 00 Skomakaren
Vi prøvde å sigle nord for Ospa, men vinden datt heilt
av, så vi slepa inn bak Hamneholmen i Aralden og åt fiskesuppe
der (Nydeleg, Arthur!). Vinden kom litt frå sørvest etter
kvart, så vi sløra og lensa sakte innover mot Fureneset.
Like før Fureneset gav vinden seg, så vi slepa heimatt inn
Dalsfjorden. Maksver og Rolf mønstra av i Vårdal – tusen
takk for flott følgjeteneste, godt kameratskap og mannskap!
23 00 Ank. Jensbua
Sjølv om vi ikkje nådde byn, meiner underteikna at vi hadde
ein svært lærerik og minneverdig tur. Ikkje den store vinden,
men vi har fått god segltrening under rolege tilhøve, og
både mannskap og høvedsmannsemne har fått prøve
seg på orden, system og kommandolinjer. Og ikkje minst har vi fått
lære kvarandre å kjenne litt betre.
Takk til alle som var med og gjorde første langturen til Bakkejekta
mogeleg! Takk til alle fram med leia som har teke vel imot oss, til Rolf
og Maksver for god følgjeteneste og til Jon og resten av gjengen
på Litle Færøy for nydeleg middag fredag kveld.
God sommar frå loggførar Ove Losnegård
Her
kan du lese dagboka (og sjå bilete) frå ein av mannskapet,
saksa frå bygdeavisa "6982"
Bilete
frå byturen
Opning av Dalsfjordveka 2007 i Rivedal
Fredag 3. august
2007
20 00 Avgang Jensbua
Oddvar Åsnes, Asbjørn Igelkjøn, Jofred Åsnes,
Norman Vik, Oddvar Vassliås, Marit Hammer, Arnulf Elle, Arthur
Boge, Bjarne Akse og Ove Losnegård (høvedsmann).
 
Vi var invitert til Rivedal denne kvelden for å kaste glans over
opninga av Dalsfjordveka ved støtta over Ingolfr Arnarson.
Vi rodde over fjorden (i vindstilla) på knappe halvtimen, men
så kom ein liten vind så vi fekk slått nokre slag fram
og attende framfor Ingolfen.
Vi la til land ved Berget, og mannskapet gjekk opp til Ingolfen for å få med
oss programmet. Vakker song og musikk og tale av islandsk lagtingskvinne
før vi heiste segl for å vere med på kveldens storhending:
Det nye lyset på Ingolf Arnarson vart sett på, og vi fekk
og lys på seglet utpå fjorden. Vakkert, sa dei som såg
det frå land. Så sette vi mot aust att, slo nokre slag, men
så la vinden
seg heilt. Med fullmånen rett i stamnen kosa vi oss med årane
heimatt til Jensbua.
På heimturen var Oddvar Vassliås mønstra av og Ingrid
Hansen komen om bord.
00 30 ca .Ank. Jensbua
Fleire bilete
finn du her
Kystkulturdag på Jensbua
Sundag 5. august 2007
Dagen kom med skydekke nedom nasetippen og jamt
regn. Det var meininga å gå turar
med jekta, men veret var så dårleg at vi avlyste. Men mannskapet
stilte likevel, hjelpte til på Jensbua, selde effektar
og bidrog elles til at dagen vart fin – innadørs!
Mannskap: Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann), Jofred Åsnes,
Arthur Boge og Inge Hansen
Om kvelden stilte partslaget for å selje mat på forteljarkvelden.
Her var Oddvar Åsnes høvedsmann, med Jofred Åsnes,
Are Morten Follevåg, Arthur Boge, Asbjørn Igelkjøn
og Ove Losnegård var mannskap. Fullt hus, mykje gode historier
og lått. Medarrangørar
var Fjaler Sogelag og Stiftinga Jensbua.
Kobbeskjerkveld i Flekkefjorden
Fredag 10. august 2007
18 00 Avgang Jensbua
Vi var invitert av Jakob Sande-selskapet til å vere
med å skysse
folk til Kobbeskjeret for allsong, noko som er vorte tradisjon. Vi var
med i fjor og.
Mannskap: Arthur Boge (høvedsmann), Ove Losnegård, Jofred Åsnes
og Asbjørn Igelkjøn.
Vi sigla platt lens inn til Haugland i godveret – sørvestleg
bris og sol. Vi tok om bord 10 passasjerar – dei fleste nye UWC-elevar – og
siglde inn til Kobbeskjeret på om lag ein halv time.
Etter allsongen rodde vi utatt med motorhjelp frå ”Vestavind” ved
Hallvard Hauken – takk!
21 30 ca. Ank. Jensbua
Loggførar: Ove Losnegård
Fleire bilete
finn du her
Gaularspelet 2007
Laurdag 11. august 2007
09 00 Avgang Dale
Til Gaularspel og Vikingfestival i Osen, invitert
av Gaularspelet. Mannskap er Anders Pihl (høvedsmann), Jofred Åsnes,
Asbjørn
Igelkjøn og Ove Losnegård.
Låge skoddeskyer og for lite vind til å sigle. Vi slepa med
Buster med 40 hk, beste fart vi kunne oppnå var 5 knop. Med gummibåten
Humla bunden på sida gjer vi om lag 4 knop utan motvind og straum,
og det er svært mykje meir behageleg. Kanskje ei brukbar løysing
er ein liten spesialbåt/livbåt på sida – i alle
fall når det ikkje er sjø.
11 30 ca. Ank. Osen
Gaute Losnegård mønstra på. Til vår undring
vart vi plassert i Bogjen, om lag 500 m frå vikingleiren og spelet – ikkje
ved kaia i elva slik vi hadde trudd. Det var visst vanskelege straumtilhøve
i elva som var grunnen til dette.
Helge Kårstad med ”Bygstadskipet” tok vel imot oss,
og saman med oss var og Hallvard Hauken med 3 båtar som han har
bygt.
Vi rigga opp stand og selde effektar, tilbaud turar og fortalde. Ikkje
så mykje folk, og regnbyger utover dagen. Vi avslutta om lag 18
00 og for utatt fjorden med Busteren for å sjå West Side
Story på Kyrkjebakken i Askvoll.
Sundag 12. august 2007
11 00 Avgang Jensbua med Busteren
11 45 Ank. Osen/Bogjen
Mannskap: Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann), Jofred Åsnes,
Gaute Losnegård og Ove Losnegård.

Skya, men fint og varmt ver. Vi annonserte tur
over høgtalar i
vikingleiren, og fekk fullteikna (18!) tur kl. 14 30. Mest roing – litt
segling.
Ove laga småjekter begge dagane. Vi avslutta 17 30.
18 05 Avgang Ose
Gummibåten
Humla på sida,
4 hk, 4 knop.
21 30 Ank. Jensbua
Loggførar: Ove Losnegård
Fleire bilete
frå Bakkejekta på Gaularspelet finn du her
Undervisning og formidling av den tradisjonelle
kystkulturen i Sunnfjord og Ytre Sogn - eit undervisningsprogram
med Bakkejekta om jektefarten i regi av Den kulturelle skulesekken. 23.–
24. august 2007
Våren 2007 inngjekk Partslaget Bakkejekta avtale med fylkeskommunen
om eit undervisningsprogram for 5-7. klasse hausten 2007. På denne
turneen skal vi vitje Ytre Solund, Hardbakke, Bulandet, Atløy,
Askvoll, Holmedal, Gjelsvik og Våge skular, og prøve etter
beste evne å formidle historia om Bakkejekta, jektefarten og handverket.
For også å gje elevane eit innblikk i handverket bak ei
jekt, får kvar elev lage ein modell av Bakkejekta. Vi har laga
halvfabrikata, som elevane kan arbeide vidare vidare med medan vi snakkar
om jektefarten i gamle dagar. Og så får dei sjølvsagt
ro og sigle!
Sjå også om
skulesekk-ferda her
Torsdag 23.august 2007
Etter intensive førebuingar var både vegleiarar og
elevar forventningsfulle og spente til den første undervisningsdagen
med Bakkejekta. Ove Losnegård hadde laga mange modellar av Bakkejekta
på førehand og saman med Asbjørn Igelkjøn
segla han dessutan Bakkejekta frå Jensbua til Litle Færøy
onsdags ettermiddag og kveld. I eit nydeleg augustvær kom dei til
Solund ein time etter solnedgang. Etter ei god matøkt planla vi
undervisninga og fordelte undervisningsoppgåvene mellom oss.
 
Foto Svanbjørg Sverrisdottir
Torsdagen kom med godt vær og
ein svak nordvestleg vind. Vi rigga oss til med langbord og godt arbeidslys
i naustet. Om lag klokka 9.00 kom 5.-7. klasse ved Ytre Solund skule med
skyssbåten. Det var
ei lita gruppe på 6 elevar, og dei entusiastiske lærarane
Svanbjørg Sverrisdottir og Lisbeth Bygstad ville også lage
sine eigne småjekter. Først vart jektene pussa og stellt
med små høvlar og sandpapir. Så vart mastefeste nøye
utmålt og navaren var god til å bore hol til masta. Ove hadde
saga opp gode masteemne og desse vart spikka til og pussa etter beste
evne. Ei markert utskjæring og ei fin tilpassing av saling (punktet
der tauverket til ståande rigg vert festa) vart nøye utført.
Likeeins vart råa laga,- og den skal sjølvsagt vere litt
tynnare i endane enn på midten. Råa er stokken som råseglet
skal henge i.
Vidare brukte elevane ein mal til å skjære ut seglet. Ove
hadde funne ein rull tjukt gråpapir som tidlegare vart nytta til
veggtapet. Dette var stivt og hadde ein flott og fin bus i seg. Etterpå stakk
vi hol i den øvre delen av seglet og surra det til råa.
Så festa vi små stiftspikar i stevnen, på sidene og
bak på vengen. Dette var festepunkt for stag, vant og takkel som
vart nitidig montert med fint seilgarn. Til slutt vart ”rederimerket” Bakkejekta
stempla på akterspeilet før endeleg sjøsetting og
prøveseglas fann stad på flytebrygga på Litle Færøy.

Foto Svanbjørg
Sverrisdottir
Etter ein litt forsinka føremiddagsmat, gjekk alle om bord i
Bakkejekta for å føre ho frå Litle Færøy
til Hardbakke. Vinden hadde auka til ein lett til laber nordleg bris.
Eit perfekt utgangspunkt for seglasen. Asbjørn Igelkjøn
var høvedsmann, Rich
Lennox halskar og Roar Moe stod for dei faglege kommentarane. Elevane
fekk oppgåver med å ro, vinde (hale opp) seglet, passe skauta,
sette halsen og passe boline og priar.

Foto Svanbjørg Sverrisdottir
Vi forlot Litle Færøy
kl. 12.45 og med ein fin akterleg vind (skautvind) segla vi i 3 knops
fart gjennom Liasundet og gjennom nordre innløpet til Hardbakke
hamn. Vi tok i hop (tok ned seglet) inne på Hardbakkevika og rodde
oss til kai om lag kl. 13.50. Etter å ha
gjort Bakkejekta ship-shape (alle ting fint og på rett plass, alt
tauverk kveila og båten rein for rusk og smuss) reiste ein gjeng
småjektefolk med småjekta under armen med skulebussen frå Hardbakke
til Ytre Sula kl.14.25. Bakkejekta vart liggande med kaien for å vente
på mellomsteget ved Hardbakke barneskule neste dag.

Foto Svanbjørg Sverrisdottir
Fredag 24. august 2007
I dag var det mellomsteget ved Hardbakke barneskule som skulle ha jektedag.
Sidan 4. klasse var slått saman med 5 klasse, var det naturleg
at 4. klasse også var med på opplegget. Vi delte dagen
i to økter,- ei før føremiddagsmat om lag klokka
11.00 og ei etter. Kl. 09.00 møtte Roar Moe alle elevane saman
med læararane til ein kort informasjon om dagen. Deretter delte
vi oss i to grupper:
Gruppe 1 (4. og 5. klasse) gjekk om bord i Bakkejekt.a
Gruppe 2 (6. og 7.klasse) gjekk til sløydsalen på Ungdomskulen
for å lage småjekter.

Foto Magne Hamre
Med sol og lett nordleg bris starta gruppe 1 å ro
jekta rundt holmen på Hardbakkevika. Vidare hadde elevane rortørn
under kyndig vegleiing av høvedsmann Rich Lennox. Alle fekk ro
og styre og totalt rodde vi tre runder rundt holmen før Helge
Indrøy
kom med sjarken sin og taua oss midtveis nord i Liasundet. Med lett akterleg
nordleg bris sette vi segl, styrde halsane og skifta på dei ulike
mannskapsoppgåvene. Roar Moe var halskar og snakka litt om kva
jekta vart nytta til i tidlegare tider. Etter ein roleg seglas rodde
vi oss inn Hardbakkevika og til kai.
Elevane gjekk tilbake til skulen for å ete formiddagsmat, medan
skuelystne 1.klassingar og ungar frå Barnehagen fekk kome om bord
i Bakkejekta. Dei undra seg kvifor ikkje kaptein Sabeltann var med, men
slo seg til ro med to heller langhåra medlemmar i mannskapet.
Gruppe 2 var saman med Asbjørn Igelkjøn og lærarane
i sløydsalen og laga småjekter. Sjølv med flittige
hender og stor innsats lukkast det ikkje på den korte tida å gjere
småjektene heilt ferdige, men dei plasserte farkostane i skapet
for å gjere dei ferdige og seglingsklare i neste sløydtime.

Foto Magne Hamre
Den andre øka tok til kl. 11.45. Arbeidsoppgavene
var dei same, men sidan nordavinden vart litt friskare slepte Helge Indrøy
oss heilt fram nord til Taskholmen fyrlykt. Seglasen til Hardbakke gjekk
fint der elevane fekk prøve seg på dei ulike mannskapsoppgåvene.
Litt undervisning undervegs om grunnleggande segltrimming. Asbjørn
meldte om stor innsats og stor iver blant småjektebyggjarane, men
at dei også har litt etterarbeid å gjere i neste sløydtime
før småjektene var ferdigstillte.
Bakkejekta vart klargjort og flytta til Taklekaia der den neste dag
skulle vere med på Næringsdagen i Solund. Etter avslutta
arbeidsøkt, vart mannskapet invitert til ein kopp kaffi og hyggeleg
prat i havseglaren til rådmann Rolf Bjarne Sund. Ei god avrunding
på ein god dag.
Loggførar: Roar Moe
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi seglar
vidare til Askvoll Skule
Torsdag 6. september 2007
Mannskapet og hjelparane stod opp i 07-tida til
ein grå og disig
morgon. Bakkejekta kom onsdags kveld til båthamna i Askvoll og
låg godt fortøydd ved Gjestekaien.
Roar, Rich og Are Morten møtte elevane i 5.og 7. klasse ved Askvoll
skule i klasserommet klokka 09.00.
Roar fortalde litt om bakgrunnen for bygginga av Bakkejekta og litt historikk
om kva og korleis jekta vart nytta i eldre tider på Vestlandskysten.
Deretter fordelte vi oss i to grupper,- halvparten av 5. og 7.klasse
gjekk med Rich og Roar til Bakkejekta, medan Are Morten tok med seg den
andre delen til formingsrommet for å lage småjekter.

Foto
Are Morten Follevåg
Av vel 20 elevar drog halvparten til sjøs med jekta medan dei øvrige
budde seg på ei ykt på sløyden. Her skulle dei lage
ein kopi av jekta og rigge denne med mast og segl. Elevane pussa og skroget
vart glatta, dei smidde og masta vart rund, dei målte og streka,
spikra og slo halvstikk. Til sist døypte vi kvar ei jekt
og stempla "Bakkejekta" i hekken.
Vel om bord i Bakkejekta fekk elevane litt meir bakgrunnskunnskap
om segling av ei jekt i eldre tider. Deretter bar det laust med nøye
instruksjon om korleis ein gjer klar årane og korleis roing og
skåting/hamling vert utført. Høvedsmann Rich ga gode
instruksjonar og vi snudde jekta inne i båthamnen og rodde oss
ut på fjorden. Alle fekk prøve å ro, og sjølv
med tunge årar klarte elevane å ro jekta i 1 til 2 knops
fart. Rormann og utkikk var også ein del av oppgåvene. Etter
15 minutt med roing kom ”Penelope” med skipper Steinar Jørs
for å sette tamp i oss og taue oss i retning Sauesundet. Vi ynskte å segle
unna vinden og gjere seglemanøvarar som kuvendingar (”gå under
stag”) heim att til båthamna.
Elveane vart delte i parvise grupper. Høvedsmann Rich tok seg
av rettleiinga i akterskipet og halskar Roar hadde ansvaret for at alt
skulle gå rett føre seg i framskipet. Parvis vart oppgåvene
fordelte:
- ansvar med å handtere, sette og stikke bolina og hjelpe halskarane
med å sette spøta
- ansvar med å flytte halsane og sette spøta
- ansvar med å vinde (hale opp) seglet og ta i hop (ta ned seglet)
- ansvar med å handtere skauta (skjøte) som styrer seglet
ved ulike vindretningar
- ansvar for priaren og roing i tilfelle vi treng å gå over
stag (stagvending)
- ansvar for å styre (rormann) og passe kurs og navigasjon (utkikk
i baugen)
Etter drilling og spørsmålsrunder om babord og styrbord,
bar det laust med at høvedsmannen ga klar ordre om: ”Kvar
til sitt,- og no vett vi!!!”
Halsen på seglet vert sett på styrbord hals, halskarane kløyver
vinden med stramt sidelik mot vinden og seglet vert vinda og heist heilt
til rakken nesten når salinga. Opphalaren (fallet) vert festa med
ein slippstikk i ein tapp under beten.
”Hal heim og fest babord skaut, stikk i bolina og gje litt i priaren” O`hoi
vi seglar kontrollert. Med vinden inn på styrbord hals akter har vi skautvind,-
og vips så er farten oppe 4,5 knop.
Konsentrerte og litt forbausa elevar skjønar at vi seglar, og
ikkje minst registrerer dei kor fint Bakkejekta går i sjøen.
Rormannen siktar mot radiomasta på Olsetlandet og utkikken korrigerer
ustødig kurs med klar og fast røyst: ”Litt babord” ”Litt
babord” svarar rormannen og korrigerer kursen. Mannskapet fungerer
og lydar av sjøsprøyt møter baugen. Klar igjen folkens!!!
Først litt førebuande rettleiingar om korleis ein manøver ”under
stag” føregår. Høvedsmannen ropar: ”Pass
på og kvar til sitt – vi gjer kuvending” Ny ordre: ”Vi
går under stag” Rormannen gjer godt utslag med roret
og svingar styrbord. Babord hals vert gjort fri, høvedsmannen
føl etter med brasen og når vinden er rett akterleg, vert
spøta gjort fri på styrbord side og bolina vert sett laus. ”Stikk
litt i priaren” Roar nikkar og er fornøgd med sjømannskapet. Vi
har ny kurs med vinden innpå babord side. No gjeld det å handle
effektivt og raskt. Eine halskaren ber spøta/halsen fram på babord
side og får hjelp til å sette denne. Han må ha litt
hjelp. Det er litt vrient å finne holet og vinden i seglet gjer
arbeidet tungt. ”Fast” ropar han høgt og styrbord
skaut vert halt heim og sett fast når seglet har riktig trim (fasong)
på denne vindretninga. ”Sett bolina” og brasen vert
festa på kryssholtet på vengen på babord side. Ein
kontrollert og flott kuvending. Terningkast 5. Rutinane er sette og vi
byter på dei forskjellige arbeidsoppgåvene. Vi gjorde godt
arbeid heile vegen, og når vi var omtrent 100 meter frå land
så ropa høvedsmannen: ”Kvar til sitt, ta i hop” Seglet
vart fira kontrollert ned og elevane hjelpte til med å berge seglet
så det ikkje kom i sjøen. Årane kom i sjøen
og vi rodde oss fint inn i båthamna. Etter at seglet og tauverket
vart lagt fint på plass, var det tid for litt jektekost. Frå skipskista
vart det funne fram spekekjøt, smør og flatbrød
og dette smakte retteleg godt. Mannskapet takka for seg og elevane gjekk
vegen til skulen og føremiddagsmat. Dei såg fram til bygging
av småjekter i sløydsalen i den siste økta.
Neste økt starta om lag klokka 12.00. Gruppa som hadde laga småjekter
i den første arbeidsøkta, kom om bord. Vi følgde
same framgangsmåte og arbeidsrutinar. Først øvde
vi roing og skåting inne på hamna, for så å verte
taua over mot Atløyna. Vi sette segl og segla unna vinden tilbake.
Undervegs la alle seg på tiljene i båten og berre lytta til
bølgjene og lydande frå rigg og skrog. Eit stille og godt
minutt. Vel i hamn vanka det jektekost og tilslutt gjorde vi båten ”shipshape” (seglet,
alt tauverk og utstyr fint på plass) Vi beslo seglet og kaia det
(la rå på langs inni båten) I duskregnet takka
elevane og mannskapet farvel og jektedagen var til vegs ende. Mannskapet
fekk handla mat på butikken og hadde ein hyggeleg kveld om bord
før dei tok kvelden og gjekk til køys i 22.30-tida.
Foto:
Are Morten Follevåg
Fredag 7.september 2007
Regnværet heldt fram, og morgonen var minst like våt som
i går. Etter frukost gjekk Roar til skulen for å møte
6. klasse ved Askvoll skule. I dag var det 6.klassen som skulle i elden
og gjennomføre jektedagen. Ein hyggeleg gjeng som hadde førebudd
seg godt med å ta med seg solid regntøy. Som i går
delte vi klassen i to grupper. Rich og Roar hadde ansvaret for seglinga
og Are Morten tok hand om arbeidet i sløydsalen.
Det er viktig med god informasjon i startfasen for det er mange nye ord
og uttrykk å halde orden på. Deretter var det innlæring
av korleis handtere årane slik at ingen får seg ein real
springskalle, før vi til sist er klar til å ta dei første
famlande åretaka. Det er ikkje alltid like lett skilje mellom babord,
styrbord, ro, hamle eller skåte, men elevane tok det forbausande
lett og vi rodde oss ut til ”Penelope” som slepte oss
ut mot Atløyna.
Vinden var vestleg med heftige kaste- og fallvindar, så vi bestemte
oss for å ta to søft i seglet (redusere seglføringa
med å ta inn/knyte inn to sett revtampar i seglet) Vi følgde
det same opplegget som i går med å gå under stag i
medvinden. Eit godt mannskap bytta på arbeidsoppgåvene og
vel førnøgde tok vi oss med årane inn i båthamnen.
Deretter var det tid til litt oppsummering medan jektekosten gjekk ned
på høgkant.
Vinden hadde ikkje løya utover dagen, så vi helt fram med
to søft i seglet. Den andre gjengen kom om bord litt over klokka
12 og gjorde godt arbeid og viste evne til godt sjømannskap. Trygt
og fint tok vi oss inn til båthamna, og trass i regn heile dagen
var stemninga upåklageleg. Ein annleis skuledag gjekk mot slutten,
og kanskje nye impulsar fra Bakkejekt-dagen har sett nokre små spor
etter seg. Kanskje har den nære tradisjonelle kulturen og lokalhistoria
kome litt nærmare og kanskje sådd ein liten spire til å mønstre
Bakkejekta som mannskap med det første? Kven veit?
Foto: Are
Morten Follevåg
Takk for flott innsats til både elevar og lærarar ved Askvoll
skule og takk for to flotte dagar i lag.
Etter å ha vore på butikken og handla litt mat, slepte ”Penelope” Bakkejekta
til Jensbua. Skodda kom tettare og vinden hadde auka i styrke. Frå Askvoll
til Jensbua er det om lag 8 nautiske mil,- så etter ein halvannan
time sleping var vi vel framme på Jensbua. Ein småkald Roar
om bord i Bakkejekta var glad for at Bernhard Tysse hadde møtt
opp for å hjelpe oss med førtøying og bære
inn utstyret. Redningsvestar vart hengde til tørk og gode sneiar
spekekjøt vart fortært før Roar Moe, Lill Nicolaysen
og skipperen på ”Penelope” Steinar Jørs, sette
turen mot Solund i 17.00-tida fredags kveld.
Loggførarar: Roar Moe og Are Morten Follevåg
Her finn
du fleire bilete
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi
seglar vidare til Holmedal Montessoriskule
Mandag 24. september 2007
Etter ein heller lang og omflakkande
tur kom Roar seg til Lillingstonheimen søndags kveld. Are Morten hadde laga til ei god seng, så etter
ei søvngod natt var vi klar til mandagen. Denne dagen var
det Holmedal Montessoriskule som stod for tur. Asbjørn Igelkjøn
kom med båten sin litt over klokka 07.00, og vi fekk teke om bord
seglet, redningsvestar og alt naudsynleg utstyr. Slepet gjekk fint og
vi la oss til i vestre delen av båthamna i Holmedal.
Meterologisk Institutt hadde kulingvarsel for kysten, men inne i Dalsfjorden
var det lageleg bør med vind frå søraust.
Foto:
Gaute Losnegård
Ein av lærarane på skulen henta skipskista med verktøy
og alle emnene til småjektene, og Gaute Losnegård kom og
var med oss denne dagen.
Sidan det berre var 13 elevar i 5.-7.klasse, valde vi å vere i
ei gruppe. Både Roar, Asbjørn og Gaute hjelpte til med å lage
småjektene i den første delen av dagen. Skroget vart pussa,
mastene og råa smidd og pussa, rigging og montering av seglet gjekk
fint og til slutt vart ”rederimerket” til Bakkejekta stempla
på akterspeilet.

Foto:
Gaute Losnegård
Etter føremiddagsmaten gjekk vi i Bakkejekta for å praktisere
seglkunnskapen vår. Litt roing først slik at vi kom oss
godt ut av hamnen. Vinden var søraustleg så vi valde å gå høgste
gong over Dalsfjorden i retning Straumsneset.

Foto:
Gaute Losnegård
Elevane fekk prøve seg i dei ulike arbeidsoppgåvene, men
etterkvart vi nærma oss sørsida av fjorden spakna vinden.
Vi brukte ei åre til å gjennomføre stagvendinga. Første
stagvendig kan alltid fortone seg kaotisk, så og denne gongen.
Men vi fekk sett seglet fint, og i ein heller slapp bedageleg bris segla
vi tilbake mot Holmedal. Ein liten rotur måtte til for å ta
oss til kaiplassen.
Asbjørn og Roar fortøgde båten, la ut spring og gjorde
Bakkejekta shipshape og klar til neste dag.
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi
seglar vidare til Gjelsvik Skule
Tirsdag 25.september 2007
Værmeldingane for denne dagen var ille og dårlege. Sørvest
stiv til sterk kuling,- periodar med liten storm på kysten. Asbjørn
kom kl.07.30 til Jensbua for å hente Roar. Det var lite vind i
området ved Jensbua, men når vi kom nærmare Holmedal
slo sørvest-kulingen til med full styrke. Mykje tyda på at
vi ikkje kunne segle i desse vindforholda. Vi valde difor å starte
opp med alle elevane i sløydsalen i påvente av at vinden
ville løye utover dagen. Rolf Losnegård kom for å hjelpe
oss med transport av småjekte-emna.
Glade og interesserte elevar frå Gjelsvik skule kom til skulen
i Holmedal med skulebussen. Sidan dei var 25 elevar, var vi nøydde
til å halde på ei stram organisering. Midt oppi dette viste
det seg at Roar hadde gjort kunststykket å gløyme segla
som han hadde laga til på Jensbua. Asbjørn berga situasjonen
med raskt å gå gang med å lage nye, medan Roar introduserte
arbeidet og fortalde om Bakkejekta.
Trass i at det var heile 25 elevar, gjekk arbeidet svært greitt.
Med stor iver arbeidde dei jamt og trutt. Dei ville heller arbeide enn å ha
friminutt. Vinden hadde på ingen måte stilna og regnet pøsa
ned framleis utover dagen. Det vart nok dessverre inga segling på Dalsfjorden
denne dagen. Etter matfriminuttet tok Roar halve gruppa med seg til
båten. Bølgene var svære og jekta duva flott langs
kaisida. Roar fortalde og viste elevane rundt i jekta. Dessutan gjekk
han igjennom ulike namn og nemningar på rigg og skrog. ”Kvifor
er det så mykje stein i båten? Og kva tyder teikninga på den
spesielle steinen?” Mange nyskjerrige spørsmål vart
stillte, og til slutt prøvde vi å få så mange
som mogeleg inn i vengen. Vi klarde alle,- det vil seie 13 elevar. Det
er førebels ny rekord.
Etterpå fekk den andre gruppa vere med på den same seansen.
Begge gruppene fekk sjølvsagt smake jektekosten, noko som gjekk
ned på høgkant.
I god tid før bussen kom var alle jektene ferdige og tekne med
heim. Ingen fekk prøve seg i jekta under segl, men alle gjorde
ein framifrå innsats som båt- og jektebyggjarar.
Denne dagen var journalisten Ingunn Osland frå avisa Firda med
oss. Ho fotograferte og intervjua elevar, lærarar og vegleiarane
til ein artikkel som skal kome i Firda laurdag 29. september. Bakkejekta
vart liggande i Holmedal for å verte henta ein av dei komande dagane.
Asbjørn tok båten sin heim til Flekke, medan Roar tok bussen
til Askvoll for å ta ein svært moderne ekspressbåt
i 36 knops fart til Solund.
Les
artikkel
i Firda frå måndag
08.10.2007
Her
finn du fleire bilete
Loggførarar: Roar Moe og Are Morten Follevåg
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi
seglar vidare til Bulandet Skule
Mandag 1. oktober 2007
Etter ein lang periode med intensivt regnvær og kuling både
frå sør og nord, hadde meterologane gode meldingar for oss
vestlendingar i veke 40.
Ove Losnegård nytta helga til å sage til resten av jektemodellane,
og Steinar Jørs og Roar Moe tok ut frå Solund søndag
ettermiddag for å slepe Bakkejekta fram til Bulandet. Ove kom slepande
med jekta til møtes i Vilnesfjorden.

Foto: Astrid Thorsen Landøy Foto:
Are Morten Follevåg
Vi vakna mandags morgon til opphaldsvær og ein lett til laber sørleg
bris. Dei to andre hjelparane, Arthur Boge og Are Morten Follevåg,
kom til Bulandet klokka 08.10. Vi hadde avtalt med ein av lærarane
om å hente skipskistene med verktøy og utstyr kl. 08.30.
Vi lasta skipskistene i bilen og dermed var vi gang med siste runde i
prosjektet med Bakkejekta i Den kulturelle skulesekken.
Elevane kom til skulestart klokka 09.00, og vi samla 5.-7. klasse til
informasjon og praktisk organisering av dagen. Roar fortalde om kor viktige
jektene var i eldre tider når det galdt å få transportert
fiskeprodukta til Bergen og Indre Sogn. Jektene var i fleire hundre år
vår tids cargoskip.
Are Morten var med 6. klassen og lagde småjekter i klasserommet,
medan Roar tok med seg 5. og 7. klasse om bord i Bakkejekta. Ivrige 6.klassingar
gjekk med iver og lyst i gang med pussinga av jektene. Små høvlar,
grovt og litt finare sandpapir vart inngåande nytta for å få skroget
slett og fint. Are Morten demonstrerte grunnleggande arbeidsteknikk med
kniv før ein tok til med spikking av mast og rå. Viktig
at ein smir små spon, og snur og vender på emnet når
ein treff på motved. Når mast og rå var ferdig, var
det på att med heftig bruk av sandpapir. Vidare vart det spikka
til eit hakk øvst i masta. Her skulle tauverket festast til det
som heiter ståande rigg. Små stiftspikar vart spikra
i båtdekket som festepunkt for tauverket. Straks vart stag, vant
og takkel strekte opp, og ein fekk god øving å knyte dobble
halvstikk. Så var det råseglet som må festast med tråd
til råa og deretter bli knytt fast i masta. Nokre små detaljar
til slutt: Den løpande riggen (tauverket vi styrer og trimmer
seglet med) må knytast fast og ikkje minst så må Bakkejekta-stempelet
pryde akterspegelen og skutesida.
Om bord i Bakkejekta er det grunnleggande viktig at rutinene vert fastlagde
fra starten av. Arthur og Roar instruerte korleis ein handterer årane
og korleis dei vert nytta til å ro, skåte og manøvrere.
Alle får høve til å ro, stå til rors og vere
utkikk. Så fekk vi slep forbi Hovden fyrlykt og sette segl tilbake
til utgangspunktet. I laber akterleg vind la vi vekt på at alle
fekk styre og vere utkikk. Komandolinene frå utkikken ga god øving
i å skille mellom babord og styrbord. Undervegs tok vi fram nisteskrinet,-
og både spekekjøt og flatbrød gjekk unna. Det smakte
godt. 50 meter frå kaien tok vi ned seglet og sklei fint inntil.
Bakkejekta vart førtøydd og klar til å ta i mot neste
gruppe som skulle stige om bord etter føremiddagsmaten.
Klokka 12 starta andre økta. 5. og 7. klasse benka seg til langbordet
i klasserommet, og 6. klasse var klar i Bakkejekta. Oppleggene var dei
same som forrige arbeidsøkt, men no hadde vinden auka i styrke.
Seglgruppa tok slep godt forbi Hovden fyrlykt til vi var på høgde
med Sæingskjæra. Her sette vi segl og gjorde fleire kuvendingar.
Då vi kom tilbake mot kaien hadde lasteskipet Ewos Express lagt
til kai ved Fiskemottaket. Kraftig propellvatn frå sidepropellen
gjorde manøveren til kai ekstra krevande og spennande. Sjølvsagt
måtte ein god seglas feirast med jektekost mens vi låg ved
kai. Elevane gjekk frå Bakkejekta etter at alt var shipshape kl.
14.05. Are Morten fekk tak i flott tørrsild hos Petter Nikkøy
før han og Arthur tok hurtigbåten tilbake til Fjaler. Steinar
og Roar byrja å slepe Bakkejekta frå Bulandet kl. 15.50.
I lett sørvestleg bris gjekk ferda til Sauesundet på Atløyna
der kom til havn om lag kl.18.10. Kontakta Finn Vågene i Sauesundet
og fekk løyve til å ligge ved kaien hans. Både Penelope
og Bakkejekta vart godt fortøydde og vi gjorde oss klar til å ta
imot Atløy skule.
Foto:
Astrid Thorsen Landøy
Her
finn du fleire bilete
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi seglar vidare
til Atløy Skule
Tirsdag 2.oktober 2007
Vi vakna denne dagen til ein nydeleg soloppgang,- og
det var første
gong i samband med denne Bakkejekt-seglasen. Dessutan var det ikkje eit
vindpust å kjenne.
Arthur Boge og Are Morten kom frå Jensbua med hurtigbåten
sin kl. 08.10. Etter ein kopp kaffi og litt rådslagning tok vi
turen til Atløy skule. Der var arbeidsrommet gjort klart og etter
ein tradisjonell introduksjon gjekk vi i gang med arbeidsoppgåvene.
Dei 9 sjetteklassingane tok til med å lage småjekter, medan
dei andre 9 elevane i 5. og 7. spaserte til kaien for å ta ut med
jekta.
 
Foto:
Are Morten Follevåg
Sjøen var speilblank og nydeleg å sette årane i. Med
fin takt og god kraft i åretaka sklei Bakkejekta av gårde
i 2 knops fart . Vi rodde på nordsida av nordre Sauesundsøy
og etter ei stund fekk vi slep til Prestøy fyrlykt i håp
om å finne litt vind frå søraust. Vi vinda seglet,
men blei liggande å drive med straumen. Då høvde det
godt å finne fram matkista. Spekekjøt, flatbrød og
tørrsild vart godt motteke, og sjølvsagt måtte det
i eit slikt høve forteljast nokre god skipshistorier. Vi tok i
hop, la oss på årane att, men det siste strekket inn til
kaien fekk vi eit kjærkomen slep.
Foto:
Steinar Jørs
Etter føremiddagsmat bytta gruppene. 5. og 7. klasse lagde småjekter,
medan 6. klassen kom om bord. Ein liten søraustleg vind hadde
teke seg opp,- så no kunne det la seg gjere å fylle seglet.
Vi rodde sørover gjennom Sauesundet. 6.klassingane rodde godt
i motstraumen, og med god kommunikasjon mellom rormann og utkikk manøvrerte
vi sikkert igjennom den ureine leia. Då vi hadde passert dei tre
jernstakane, fordelte vi arbeidsoppgåver og vinda seglet.
”Kvar til sitt”,- og seglmanøverane gjekk fint, sjølv
om vi måtte hjelpe oss med ei åre når stagvendingane skulle
gjerast. Vi prøvde pine (holde maksimal høgde) jekta mot Sauesundet
att, men vinden var for svak og straumen for sterk. Vi måtte ta i hop
seglet og ro oss den siste etappen heim. Litt jektekost var god motivasjon
som framskaffa den nødvendige energien.
Elevane sa dei hadde hatt ein flott og annleis dag, og tusla heim etter
ein dag der vi ”har gjort lokalhistoria vår”. Arthur
og Are Morten tok speedbåten heim til Jensbua, medan Steinar og
Roar gjorde klar for nytt slep. Vi la ut i frå Sauesundet kl.15.30
og var ved kai på Grytøyra litt før butikken stengde
kl. 17.00. Våge skule er den siste skulen som skal vitjast i denne
omgangen.
Her
finn du fleire bilete
Den Kulturelle Skulesekken hausten 2007 – vi seglar vidare
til Våge Skule
Onsdag 3.oktober 2007
Nok ei fin solrenning med ein mild søraustleg bris ut Dalsfjorden.
Alt frå morgonen av låg alt vel til rette for ein fin
dag i jektefarten sitt teikn. I dag kom Are Morten og Arthur landevegen
med bil. Skulen starta klokka 09.00 og vi var som vanleg klar i klasserommet.
Våge skule hadde tjuvstarta litt tidlegare med å lage småjekter.
I samband med anna undervisning var dei godt i gang med sjølve
arbeidet. Nokre av elevane hadde til og med starta å hole ut sjølve
jekterommet. Spennande. Are Morten var også i dag i sløydrommet,
medan Arthur og Roar var om bord i Bakkejekta. 6.klasse starta i Bakkejekta.
Dei var flinke til å ro og manøvrere og vi rodde tvers over
vågen i Grytøyra og forbi Kåtlaupneset. Her fekk vi
slep inn til Fureneset fyrlykt og her gjekk seglet til topps. I søraustleg
lett bris gjorde vi kuvendingar tilbake mot utgangspunktet. Seglet vart
teke i hop og berga like før vi kom fram til kaien. Nydeleg sklei
vi inn til kai og førtøydde.
5. og 7.klassen som hadde vore i sløydrommet, kom til kaien kl.12.15.
Vi fordelte oss parvis og byttest om å ro. Vinden hadde no snudd
til sørvestleg retning, så vi valde å ro langs med
landet på sørsida av vågen. Her er det grunt og fleire
skvalpeskjær å passe seg for. Utkikken var særs viktig
og måtte heile tida vere observant. Alle fekk ro, styre og vere
utkikk. Vi vinda segl og i lett SV-bris gjorde vi både kuvending
og stagvendingar. Etter kvar vending gjekk vi ”Høgste gong” for å vere
sikre på at vi hadde høgde nok til å komme oss tilbake
til utgangspunktet. Ti slutt tok vi i hop og rodde til land, medan mannskapet
fekk smake på spekekjøtet, flatbrødet og tørrsilda.
Elevane syntes det var makalaust godt.
Då ungane var gått attende til skulen, vaska og spylte vi
jekta, rydda litt og kveila opp alt tauverket.
Medan Roar og Steinar sette kursen med Seglskøyta Penelope mot
Solund, sette Are Morten og Arthur segl for å segle Bakkejekta
heim att til Jensbua. Både båt og mannskap skulle få ei
velfortent og kjærkomen kvile.
Godt arbeid og takk for samsetaket alle i hop!!!
Loggførarar: Roar Moe og Are Morten Follevåg
 |
Hjarteleg takk til Steinar Jørs
og ”Penelope” for trufast følgje og godt sjømannskap
gjennom heile seglasen i Den Kulturelle Skulesekken. |
Heimatt til Jensbua……
15 00 Avgang Grytøyra
Etter ein flott Skulesekk-seglas
er det no på tide å vende
stamnen heim til Jensbua for vinteropplag.
Are Morten Follevåg og Arthur Boge tok ut frå Grytøyra,
segla litt innover, men vinden datt heilt vekk. Då kom Ove Losnegård,
assistert av dei 3 nye voluntørane i Fjaler: Katja, Anja og Philipp,
til unnsetning med rask båt på hauststille og vakker Dalsfjord.
Vi batt Busteren på sida, sette Yamahaen på om lag 2200 og
stemna i om lag 4 knop til Jensbua.
Undervegs kosa vi oss med restar av Skulesekkmaten: Spikjekjøt,
turkafisk og sild. Takk!
18 45 Til kai ved Jensbua

Her
finn du av bileta frå heimturen
I skrivande stund (11. oktober) ligg jekta ved kai ved Jensbua og lengtar
opp i naustet sitt. Bleik og utvaska etter alt regnet i haust, men godt
fornøgd etter ein fin sesong. Ho takkar alle som har vore med i
sommar – mykje eller lite – og gler seg til ny seglas neste år!
Ho tenkjer med spesielt stor glede på alle ungane og ungdommane som
har vore om bord. |