Logg 2009Logg 2008Logg 2007 – Logg 2006

Laurdag 24. juni 2006
Etter den store sjøsetjingsfesten i går kveld, var nokre av oss tidleg oppe og sette opp mast og rigg, slik at jekta var ”klar” til innseglingssjef Vegard Heide kom i middagstida.
Kl. 15 00 var det avgang til Holmedal på ein sommarstille fjord, så vi rodde dit. Vi kom fram om lag 16 30 og alle var samde om at jekta var lett å ro. Med på turen var Ove, Asbjørn, Oddvar, Anna Linnea, Roar, Arthur, Jorunn, Rich og Vegard.

Den store dåpsfesten om kvelden kan du lese om her…

Sundag 25. juni 2006
Vegard, Jorunn, Anna Linnea, Oddvar, Lasse, Rich og Marit rodde innatt natt til sundag, avgangstid Holmedal 01.30, framme ved Jensbua 03.10….deretter nattmat med speilegg til mannskapet.

 

Sundag 25. – torsdag 29. juni 2006
Sundag starta innseglingskurset med Vegard Heide som lærar. Kvar dag og kveld til og med torsdag 29. juni vart det segla, stagvendt og kuvendt på Dalsfjorden. Masta vart kappa to gonger og er no like lang som den gamle masta, det vart lagt i meir stein og trimma, vanta vart flytta innom settbordet og det vart laga hol til spøter, signat og mykje anna. Kursdeltakarane var Roar Moe, Harald Stavang, Arthur Boge, Asbjørn Igelkjøn, Rich Lennox, Gaute Losnegård, Anna Linnea Rundberg, Svein Ove Nistad, Jorunn Vågen, Arne Osland, Lars Olav Rylandsholm og Rolf Losnegård. På segling om kveldane var også Ove Losnegård og Marit Steinsund med, og Terje Bjånes og Markvard Eikerol var ombord ein kveld. Sidan det var mest og best vind i ytre Dalsfjorden, vart Åsnes nytta som base for jekta. Kursfolket budde på Jensbua. Nydeleg ver og bra vind heile veka!
Tusen takk til Lise og Jostein for nydeleg mat, til Arnulf for båtassistanse og hjelp med båtplass på Åsnes, til Harald for sleping og til alle andre som var med og gjorde kurset til ei flott oppleving med nyejekta vår!


Seglas til Værlandet fredag 30.juni til søndag 02.juli
Etter fem intensive og lærerike dagar saman med vegleiar Vegard Heide var tida inne til å ta utfordringa med å føre Bakkejekta sjølve. Med all respekt var det eit audmjukt mannskap som sa seg villege til å vere med på jomfruturen til Værlandet. Gjennom heile veka lytta vi ivrig på værmeldingane, og varselet for denne helga var gode.

Desse var med:
Marit Steinsund
Anders Phil
Ove Losnegård
Viljar Losnegård
Roar Moe, høvedsmann

Fredag 30.juni
Ove og Marit var tidleg om morgonen i gang med å finne fram utstyr og diverse remedier som skulle vere med på utstillingsplassen vår i Værlandet. Vidare fann vi fram utstyr som skulle vere i sjølve Bakkejekta og tilslutt fekk vi i oss litt mat og smurde niste til turen vestover. Værprognosene var svært bra,- sørleg laber bris, styrke 5m/sek. og sol, men tilskyande til kvelden. Bakkejekta låg i båthamna på Åsnes og følgjeleg køyrde vi bil ut dit.

12.00:  Lasting av bagasje og utstyr til utstillinga om bord i Bakkejekta.  Klargjering av segl og tauverk. Stuing av bagasje i vengen og om bord.  Gjennomgang og siste sjekk om at alt tauverk og seglføring var riktig.

12.30:  Utror frå båthamna. Steikande sol og nermast vindstille. Vi venta på den sørlege brisen, men den lot vente på seg. Difor var det flott når Asbjørn Åsnes tilbaud seg å  slepe oss vestover i Dalsfjorden. Vi kunne skimte god vind lenger ute. På høgde med  Clausen Mekaniske vart overlete til oss sjølve. Marit var skottkar med hovudansvaret  for bolina. Ove passa halsen (halskar), Anders skautkar i bakrommet saman med  høvedsmannen Roar som hadde ansvar for brasen og kommandorekkene. Viljar fekk  ei meir fri rolle som midtromskar med ansvar for priaren. Arbeidsoppgåvene vart  fordelt før vi vette segl.

12.45:  Vinden er beint vestleg og vi får vinden rett i mot. Dessutan var tidevatnet stigande slik at vi hadde straumen i mot oss. Ikkje optimalt med andre ord. Vi starta opp med  å feste spøta på babord hals. ”No vett vi!!” kom det høgt frå høvedsmannen. Ove flerra   vinden med å rette sideliket (telna) vinkelrett mot vinden, Anders drog så det suste i  draget, Marit teita til bolina. Vips!!!!,- vi seglar åleine. Fantastisk. Etter nokre få  minutt sklir rakken og seglet nedover masta. Det viser seg at slippstikket til draget var for laust sett. Vi fekk seglet til topps att og segla med vind om babord hals i 4 til 4,5 knops fart. Vi gjer gode kuvendingar og kryssar oss vestover, men avanserer lite i forhold til land. Vi hadde planar om å nå Værlandet til om lag kl. 20.00, men innser at vindretninga gjer dette umogeleg.

13.30:  Vinden frisknar til. Frisk bris rett frå vest. Vi kjenner matsuget i magen. Tor Helle svingar rundt oss med cabincrusaren sin, og på signal kjem han opp til skipssida og kastar ei slepeline om bord. Vi vert taua vestover eit stykke slik at vi kunne ha ståande kurs inn til Olset for å ete lunsj og vente på slep med Terje Bjaanes. Ove hadde snakka med han på førehand i tilfelle ulageleg bør.

14.15:  Vi vett på nytt. Høvedsmannen gjev god informasjon, mannskapet fungerer perfekt og vi styrer mot båthamna på Olset i 5,5 knops fart (logga av Tor Helle) Vi tok saman seglet og rodde unna vinden dei siste meterane til piren som stakk ut ved innløpet av båthamna. Vi snudde båten slik at den låg med stamnen mot vinden. Litt trangt var det, men vi fekk lirka det til. Sette spring og fortøgde fint inntil planke- skjørtet.

14.45:  Med matrasjon frå Matglede vert lunsjen smakfull. Ove laga kaffi på stormkjøkkenet
mellom ballaststeinane. Vi spaserte rundt, slappa av i sola og venta på at Johnny Søreide skulle slepe oss vidare vestover etter at han var ferdig på arbeid. Ove påstod at han hadde mønstra på som skipstømrar og var snar med å finne fram verktøy for å montere dei nye sitjebenkane. Vidare vart ein gamal færing og delar av eit gamalt grindverksnaust avfotografert. Viljar spaserer på moloen med rock´n´roll på ”øyret”.

17.30:  Vestavinden friskna på utover ettermiddagen, men endeleg kom båten som skulle slepe oss vidare mot Værlandet. Vi fant ut at det ville vere minst belastning på båten å feste slepetauet i dragholet i kjølen og vidare opp i stamnen og kollaren. I om lag 5,5 knops fart vart vi slept vestover med kurs nord om Flatøy, langs Atløy- landet og vidare over Aldefjorden nord om Raudøy. Underveis minka vinden og løya heilt før det kom eit lite blaff frå SV-retning. Under slep merka vi at det kom meir sjø inn i båten enn vanleg. Ved nerare undersøking fann vi ut at det lakk sjø inn mellom stamnen og bordgangane om lag ved vannlinja. Ove fann fran drev og fekk mellombels stoppa lekkasjen frå innsida.

21.00:  Vi nærmar oss Aldøy sør om Aldevågen, og fleire Redningsskøyter og ein reketrålar passerer oss. Det merkast at vi observert og behørig vinka til. Det bles ein SV-leg flau vind så vi blir slept mot Nybø for å gardere oss med ein ståande vind heilt til Hamnen. Fin og roleg seglas og inn mot innløpet aukar vinden slik at vi med fulle segle kan sige fint innom moloen. Vi førebur oss godt,- organiserer oppgåver og tok i hop som drevne jekteseglarar. Ove signaliserte ankomsten med tre kraftige støt i tåkeluren. Vi rodde dei siste metrane før vi fekk hjelp til å boksere oss på plass ved flytebrygga innst i hamneområdet.

21.00  Førtøying og ”shipshape” om bord. Vi treng så absolutt øving med å pakke segl. Dessutan var det underveis på turen og ved utpakninga jamnlege utbrudd og ein smule fortviling når det gjalt orden og oversikt i vengen. Her må vi lage betre rutinar og skjerpe ordenssansen. Glade og førnøgde kunne vi finne fram bagasjen vår og forlate Bakkejekta. På kaia stod ei hyggeleg dame og tok i mot oss. Ho var eigaren av huset vi skulle bu i. Det var oppløftande å komme i hus med senger, ryddig kjøkken og TV i stova. Vi fortente verkeleg den kalde pilsen etter første dag med Bakkejekta på seglas.

17.30:  Keltisk musikk på Værlandet Grendahus. Fin musikk, god stemning og på veg heim kjende vi dei første regndråpane.

Laurdag 1. juli 2006
Etter litt regn om natta vakna vi til blå himmel, sol og ein sval og mild S-leg vind. I dag skulle vi stå på stand for å informere om jekta, selge T-skjorter, caps´ar, knivar, krus og andelsbrev.
Marit, Ove og Anders er drevne aktørar i dette ”faget”, medan Roar og Viljar surra rundt i sin eigen verden. Ingrid Hansen kom på vitjing frå Dale og interessa for Bakkejekta var stor. Det var god omsetning på salgsvarene og folket støtta opp under føretaket med å kjøpe lodd.

Utpå ettermiddagen fekk vi forespørsel om vi ville vere med konvoien av båtar som skulle til Bulandet. Avreisa var stipulert til kl. 18.00. Vi kunne få slep og god hamneplass i Bulandet.
Vi hadde mannskapsmøte og fann ut at dette ikkje var så interessant for Bakkejekta då intensjonen kun var å forflytte båtparken. Dessutan ville vi prøve å kome tidleg av gårde søndagen.

Om kvelden vart det arrangert fest i Ungdomshuset i Bulandet. Ingrid køyrde oss dit og vi tok del i festivitasen før vi reiste tilbake til Værlandet for å få ei god natt søvn før heimreise søndag.

Sundag 2. juli 2006
Vi vakna til nok ein strålande sommardag. S-leg laber bris og fine små skumsprøytar frå bølgetoppane. Etter frokost, opprydding og husvask drog vi til Hamnen for å gjere oss klar til heimreis inn Dalsfjorden. Marit hadde ordna med slepebåt slik at vi slapp å krysse oss sørover forbi Austneset (austlegaste punkt på Værlandet) Betaling var to Bakkejekta sitjeunderlag. Flott!!  Vi gjorde klart tauverk og segl og rodde oss ut forbi moloen før vi fekk festa sleparen frå ein Saga 24 (takk til dykk!). Vi vart slept til området mellom Austneset og Austneshamn slik at vi kunne sette kurs mot Stabben (varde).

11.30: Vi vett segl. Vi er på dei same plassane med dei same arbeidsoppgåvene som fredag. Vinden S-leg laber bris og vi set halsen på styrbord side. Fin trim i seglet sjølv om vi ikkje set korkje signat eller pente. Vi seglar høgste gong mot Aralden og med litt stampesjø inn på styrbord side kryssar vi med 2,5 knops fart.

11.44:  Stabben passert og klarert om styrbord side. Litt utgrunnt på nordsida av varden.

12.05:  Passerer nordsida av Aralden, midt mellom Vardeholmen og Aralden. Fart 3,5-4 knop. Vinden aukar litt i styrke samstundes med at den dreiar litt over mot S/SV-leg  retning. Nydeleg seglas inn Vilnesfjorden. Roar og Anders i akterskipet og Ove og Marit i forskipet. Ove og Anders loggar farten på kvar sin GPS. Vi har ein snittfart på 5,5 knop, men tyner den opp i 6,2 på Anders sin logg. Denne gongen stolar vi på GPS´en til Anders. Seglstillinga er aktenfor tvers. Vi stikk litt i skaut, priar og boline.

13.20:  Jamn og fin bør. Passerer Fureneset lykt. Laber til frisk bris. Marit overtar ansvaret for roret og styrer slik at vi har god høgde med omsyn til passereing av Vårdalsneset. I retning Vårdalsneset vert vinden litt meir rotete og dreier sør ved passering Kjøsneset. Vi passerer Vårdalsflua om styrbord og vel å halde godt opp til nordsida av fjorden (Holmedalssida) for å utnytte vinden inn fjorden på beste måte. Dette er eit godt valg.

14.15:  Passerer tett opp under Vårdalsneset. Litt rotete vind rundt neset. Ove overtek roret og styrer vidare innover mot Jensbua. Vi sig relativt sakte frå Vårdalsneset til vi er på høgde med Straumsnes. Her får vi ny vind inn frå SV og seglar periodevis i 5 knops fart innover forbi Holmedal og Bogevika før vi legg kursen litt meir mot SØ og passerer Eikerol midtfjords for fulle segl. Sikkert eit flott syn!! Bravo til mannskapet.

15.10:  Tvers av Tysse. Vinden spaknar og Jensbua er i sikte. Vi ser det er sterkare vind lenger ute i fjorden, medan vi ser at sønnavinden har dreia så mykje at han også kjem ut Flekkefjorden. Vi ligg midt i eit vindskille og små vindgufs treff seglet frå ulike kantar. Vi prøver å fange vind etter dei registreringane vi gjer, men fånyttes. Vi tek i hop og ror oss dei siste hundre metrane inn til Jensbua.

15.35:  Vi legg til på vestsida av flytebrygga på Jensbua. Anders tryllar fram ankersdrammen. Ein liten korkfull til kvar. Tilfeldigvis kjem ein hurtiggåande båt forbi som tek med seg Ove, Marit og Anders til Åsnes for å hente bilane.

16.00:  Pakking av segl, ilandbering av utstyr og rekvisittar, rydding og ”shipshape”. Bakkejekta ligg klar til ny seglas,- neste prosjekt går til Florø.

16.45:  Takk for ein kjempefin og vellukka jomfrutur til Værlandet. Marit og Anders set seg i bilane og køyrer heim. Ove skyssar Roar til Eikenes med ”Måken”.

Takk til alle som var med for godt mannskap, kameratskap og vennskap og til Bakkejekta vår for flott oppførsel. Takk til Anne Britt Sandøy og Per Arne Tveit for førsteklasses losji, til Tor Leite for bøtte og godt vertskap i hamna, og ikkje minst til Terje Bjaanes, Johnny Søreide og Kjell Vårdal for organisering og utføring av slepejobb og ”bakvakt”!

Loggførar: Roar, med litt hjelp frå Ove

  Sjå bileta frå turen her…….

Tur til Nostalgidag på Florø Hamn 8. juli 2006

Først hentinga; her ligg det ikkje føre notatar med detaljar, så vi får ta det som ei enkel forteljing:

Fredag 7. juli 2006
Magnus Frøyen og Harald J. Stavang går på ekspressbåten i Florø kl. 1700 for å hente Bakkejekta i Askvoll. Vind sørleg lett til laber bris, overskya, opphaldsver. Ove Losnegård kjem med jekta under slep med m/b "Måken" til gamleekspedisjonen i Askvoll kl. 1930. Mannskap i jekta: Asbjørn Igelkjøn og Arthur Boge. Vinden dreiar no vest og kjem ned Granesundet, stikk i stamn. "Måken" slepar vidare til Staveneset der jekta blir sleppt laus ca. kl. 20.30. Vinden fell til nesten ingenting, gråver, yr og småregn. Etter ein times tid med roing i gamal daudsjø og for lite vind til å fylle det våte linseglet, gir vi oss på "tap" og ringer til slepebåt i Florø. Sleipet går i vel 5,5 knop til Furesundet, der vi set segl for eit ørlite heng frå sør og sig i hamn i Breivika ca. kl. 2330. Alt vått og grått.

Laurdag 8. juli 2006 – "Nostalgidag" i Florø.
Lettare ver, sol på øyane i vest. Slepar jekta i stilla frå Breivika i Havreneset til Trovikkaien i sentrum ca. kl. 1000. Riggar til utstillingsmateriell og gjer jekta ship shape og vel presentabel. Mykje folk og stor interesse når dei torde seg ut av lune kafear, men tiltjukning frå sør, og intense styrtebyer, til dels med toreslag som jaga alt levande under tak. Vi måtte ause jekta mellom kvar bye . . . Kl. 16 slepte vi jakta attende til Breivika, og gjorde klar for heimferd når vinden laga seg.

Søndag 9. juli 2006 – Venta på lagleg vind.

Måndag 10. juli 2006 – Venta på lagleg vind. Ein kort nordavindskuling på morgonen og føremiddagen kunne ikkje nyttast p.g.a. mannskapet i jobb. Etter arbeidstid, ny vind frå sør.

Tysdag 11. juli 2006 – Venta på lagleg vind.

Onsdag 12. juli 2006 – Venta på laglegvind.

Torsdag 13. juli 2006
Kuling frå sør med regnbyer. Sakte dreiande sørvest og vest mot kvelden. Kl. 1800: Gjorde sjøklart. 1830: Slep med Helge Kristiansen frå Breivika og ei halv naustisk mil vestom Pyramiden. Mannskap på jekta:Per A. Kristiansen, Bjørn Fjellheim, Trygve Nybø og Harald J. Stavang. 1900: Står og spent råsegl ut Furesundet som har vore jektefarlei i hundrevis av år. Skysskifte, handels-/gjestgjevarstad og jektehamn sidan 1600-talet. Vind: Frisk vest/nordvest bris med litt havsjø inn Rekstafjorden; jekta går sju knop mot Oddane. Delvis skya med skarpe solgløtt. Litt slengete og svakare vind som dreiar svakt imot forbi Klubben på Askrova mot Trefotskjeret. Ut med årane ei halv n. mil for å halde høgda. Passerer Trefotskjeret kl. 20.05. To-tre meter sjø på Stavfjorden, jekta rir vakkert på båreryggane. Vinden sakte dreiande medsols mot nordvest etter kvart som vi nærmar oss Staveneset. Passerer Staveneset lykt kl. 20.53; laber bris.

Platt lens ned Granesundet, passerer gamle-ekspedisjonen i Askvoll kl. 21.55. Går bidevind til Kråkeholmen (hovudkaien i Askvoll) og ror siste hundre meterane til gjestehamna. Fortøyd kl. 22.15. Alt vel.

Harald J. Stavang
– Loggførar og fung. høvedsmann

  Sjå bileta frå turen her…….

Logg for tur til Losnaspelet 15. – 16. juli 2006

Fredag 14. juli 2006
Ove Losnegård og Anders Pihl sette ut frå Dale i båten til Arnulf Elle og Marit Hammer om lag kl 16 00. Marit og Arnulf, saman med Erik, Jonas og Siko, hadde sagt seg viljuge til å vere vår følgjebåt i helga.
Kl. 17 30 kom vi til Askvoll, der jekta og resten av mannskapet Jorunn Vågen og Øyvind Losnegard venta. Fint ver med laber og skiftande, mest vestleg vind. Etter litt bunkring av kaffi m.m. og feil utkveiling av nytt slepetau, tok Arnulf og Marit kl. 18 30 oss på slep sørvestover med tanke på segling lenger ute. Jorunn meinte bestemt at Roar Moe hadde tenkt seg med som mannskap, men han let seg ikkje kalle opp. Vi gjekk Lammetu- og Følsundet, og sleppte oss ved holmane utanfor Lutelandet. Lite vind, men vi seig nedover mot Krakhellesundet. Då melde Roar seg frå Korssundet, fekk skyss utover med Elin Skår (takk!) og mønstra på ved Kraksnova (!!!). Vi om bord var glade for mannskapsstyrkinga, og høvedsmannen utnemnde han med ein gong til senior seglkonsulent. I byrjinga av Tollesundet spakna vinden, og vi fekk om bord slepar att.
Til kai på Losna kl. 22 30, der mykje folk tok imot oss med song og heimebrygg i ausekaret. Flott å få ei slik mottaking – tusen takk til Losningane!

Laurdag 15. juli 2006
Nydeleg ver, klår himmel og svak/laber vind frå sørleg kant.Vi gjekk ut med jekta kl. 08 45 for å vere med på generalprøve i Losnaspelet. Jekta skal kome med riddaren, og såleis segle opp under saltskora aust for speleplassen i starten av spelet. Der vi ligg best for utsyn for publikum, er det reine paddemarka, så vi prisa oss lukkelege for den svært så spake vinden. Vel i land att fekk vi regissørkjeft for å ha kome altfor seint inn i spelet (Musikarane Chris og Knut kom på land lenge etter at riddaren var komen opp til speleplassen). Ikkje lett å vere på sekundet under segl og årar……….(og med hjelp frå påhengs med John og Øyvind Losnegard). Vi laut love bot og betring til premieren…..

Premieren var kl. 14, så vi gjekk ut kl. 13, styrka i mannskapet med Arne Osland. Denne gongen hadde høvedsmannsaspiranten i sin visdom tenkt at vi skulle slå nokre slag austover Sognesjøen i den labre brisen medan vi venta, men vi var for dårlege på stagvending, så vi tapte for mykje høgde. Vi heldt på å bli for seine denne gongen og, men det gjekk så vidt. Vinden var auka på såpass at vi måtte kaste dregg mellom skjera, så då spelet var slutt, segla vi inn att på hamna i ein viss fart.

Om kvelden var det premierefest, og mannskapet førte seg eksemplarisk!

Sundag 16. juli 2006
Same nydelege veret, litt meir vind i dag, sør-søraust. Vi gjekk ut kl. 11 30, i dag styrkt med Bjarne Akse i mannskapet. Vart slepa til noko sør for Kirkjeneset. Traff spelet sånn nett passeleg – regissør Rolf tykte etterpå at det var nokolunde bra. Låg på dreggen og kosa oss i sola og følgde med på kampen og intrigene i spelet på land. Vakkert! Etter spelet skulle det vere friluftsgudsteneste, og underteikna hadde lova Kåre spelsjef å prøve å segle forbi der i starten av gudstenesta. Vi vart difor slepa ned til ferjekaia, låg der til folket var på plass, og segla tett forbi folkehopen i fin vind attanfrå. Trur det såg pent ut! Segl så oppatt på hamna for å sleppe Bjarne på land. Øyvind mønstra også av her.
Saman med vår trufaste følgjebåt gjekk vi frå Losna 14 35. Vi segla opp Tollesundet i rotete vind med fallvindar. Passerte Fureneset 15 05. Mellom Maifjellet og Skorpa fekk vi ei voldsom vindkule attanfrå, og vi måtte ta i hop i full fart. Då segla vi ei stund i 4-5 knops fart berre på riggen. Dramatisk, men vi fungerte!!
Mykje rotevind rundt Kraksnova – passerte den 15 35. Vinden vart meir stabil sørvestleg ved fyren på Sakrisøyna – passerte den 16 05. Mellom den og Ytste Taren (nordvest av Lammetun) logga vi over 8 knop! Ho surfa så godt på sjøane! Passerte Ytste Taren 16 30. Inn Vilnesfjorden gjekk det godt unna – 6 knop i snitt?
Utanfor Møkalasset mønstra Roar og Jorunn av for å rekke buss og båt i Askvoll – Arnulf var sjølvsagt på pletten for å skysse dei!
Ove og Anders segla vidare inn Dalsfjorden i sommarkvelden – og vi var samde om at alt var godt. Vinden heldt seg til vi var forbi Straumsneset, då dabba den noko av. Men vi segla til rett tvers av Leitet. Siste halve mila rodde vi med den gode kjensla av ei flott helg med jekta og på Losna i kroppen.
Til kai på Jensbua kl. 19 30.

Underteikna takkar eit flott mannskap for fin tur og godt kameratskap, Arnulf, Marit, Erik, Jonas og Siko for trufast og omsynsfullt følgje og Losningane for ei fin helg, mat, drikke, seng og godt selskap. Takk!

Ove Losnegård
– Loggførar og høvedsmannsaspirant

  Bilete frå Losnaturen finn du her…….

Skjærgårdstreff i Askvoll

Fredag 21. juli
Frammøte i båthamna i Holmedal kl.15- flott solskinsdag, lite vind….men Terje er optimist!
Mannskap: Anders Lien, Terje Bjånes, Gaute Losnegård med Sunniva og Torni, Marit Steinsund.

Skyss i Anders sin båt, Trond Lien er skysskar til Jensbua.
På Jensbua venta Svein Ove Nistad som også mønstra på seglas til Askvoll.

Klargjering og ombordlasting, avgang(utror) kl 15.45.
Vi var under segl klokka 16 . - Etter litt diskusjon bestemte vi oss for å setje seglet i babord hals, dette synte seg å vere rett val, men vinden var -som vanleg- rett imot og heller svak… Vi kryssa og stagvende (ok- vi juksa litt og hjelpte til med ei år i vendinga!), men vann lite terreng ut fjorden.
Arnulf Elle kom -som ein reddande engel trudde vi- ..og fekk slepetauet ombord. Dessverre forsvann glorien fort, etter å ha slepa oss utover eit par hundre meter skulle dei til Flekke og bade, -og vi blei igjen overletne til oss sjølve-. No var det heilt vindstille, så vi opna kaffikanna og venta….hektisk aktivitet med mobiltelefonar etter at motivasjonen for roing fort var oppbrukt. Litt prøvesegling i svake vindpust, men vi vinn ingenting.

17.45 : ”Vannliljen” med Helge Bjaanes har fått slepetauet klart.

18.45 : Slep avslutta ved Haneskjeret, -er det nok vind tru? Vi seglar inn mot Askvoll akkurat når ferja og ekspressbåten passerer…det går mykje fortare med dei.
Vi misser vind og må ro i hamn. Ikkje akkurat fartsrekord på segling denne turen, men Anders meiner bestemt at det må vere fartsrekord i roing..vi logga 3 knop inn mot hamna.

19.30. Vi legg til lands på anvist plass ved flytebryggja ved Kroa. Mannskapet ”kvar med sitt” til Holmedal, Vårdal og Askvoll.

Laurdag 22. juli
Nydeleg sommardag i Askvoll!
Etter at eg (Marit) har sove ei god natts søvn og blitt oppvarta med herleg kvelds og frukost hjå Terje og Bjørg i Holmedal var det tid å stille på Skjærgårdstreffet kl.10.30. Ved jekta venta Svein Ove og hjelpte meg med å rigge til standen. Eg var ombord til kl 13.30, då kom Anders og seinare Gaute for å vise fram jekta fram til arrangementet slutta klokka 17.
Terje har gjort avtale om kaiplass til jekta i Askvoll heile veka slik at vi kan segle herifrå til Korssund neste helg. Terje skal ha tilsyn med jekta medan den ligg i Askvoll.

Loggførar (og styrmann) : Marit Steinsund

  Bilete frå Skjærgardstreffet…….

Olsokstemne i Korssund

Fredag 28. juli            Askvoll - Korssund
Jekta mønstra nytt mannskap : Svein Bakke, Bjarne Akse, Asbjørn Igelkjøn, Arild Helle og Terja Bjaanes
Ferda går frå Askvoll kl 18.00 mot Korssund. Segl kom opp med ein gong, men vinden stod oss bi berre til staken vest for Prestøya. Vi måtte ro til vi kom forbi Lauvholmen, -forsett ikkje vind. Denne gongen var det Leif Jarle Helle Bekker som gav oss ei hjelpande hand. Med båten sin slepa han oss utover fjorden, men kl 19.35 kom vinden og seglingsfarten var oppe i 3,7 kn. Men…vi vann lite høgde. Etter nokre fine kryssingar fekk vi igjen slep av ”Vannliljen” (Helge Bjaanes), til Lammetun.
Kl. 20.50 var vi så under segl nedover sundet. Vinden stilna litt, men med hjelp av litt årar og litt segl sig vi fint. Siste hundre meter rodde vi og var framme i Korssund kl 21.50- litt seinare enn vi hadde tenkt.
Trass lang tid hadde vi hatt ein fin tur!

Terje Bjaanes, loggførar.

Laurdag 29.juli      Korssund
Flott solskinsdag i hamna.
Marit møtte kl 14 og blei godt motteken av Kjell Skår og Elin Skår. Straks etter kom Bjarne Akse og Asbjørn Igelkjøn slik at vi kunne rigge til standen. Mykje folk kom og såg på jekta og vi hadde ein flott dag om bord. Rømmegrauten smakte!
Asbjørn mønstra av kl 19.30 medan Marit var på plass til det blei rigga ned kl 21, Bjarne hjalp til før han reiste heim til Hyllestad.
Så var det for Marit å vente på at gjengen frå Litle-Færøyna skulle komme for å ta jekta neste etappe. Utpå kvelden kom Roar Moe og Jorun Vågen i snekka. Vi fekk låne kvileplass i campingvogna attmed butikken, men klokka 04.00 var det tid å tørne ut og setje kursen sørvestover.
Tusen takk for oss i Korssundet, det var kjekt å vere her med Bakkejekta!

Marit Steinsund, loggførar

Seglveke i Solund

Sundag 30.juli               Bakkejekta til Solund
Kl.04.00  Vekking
-klargjering i hamna i Korssundet
Vi er under slep kort tid etter (det var på tide, for knotten beit godt no i natt!),- Roar styrer snekka medan Marit og Jorun tek vare på jekta. Stille og fin natt på sjøen, vi slepar med kort line.

Kl.06.45- vi passerer Lågøy, ingen i vindauget - men sjå der -i båten sin- er Gudrun (gudmora til Bakkejekta) - ho legg frå land, passerer oss og står klar og tek imot oss når vi legg til på flytebryggja på Litle-Færøyna.

Kl.07.00  Bakkejekta ligg fortøgd og vi tek ro.

Marit Steinsund (litt rørd ”heimkomen” loggførar)

  Bilete frå Solundtur og Litle Færøy  Foto: Hildur Ytreøy

Bakkejekta på Litle-Færøyna

Måndag 31.juli
Morgonen startar med tur til Hardbakke- vi har tre ærend:

  1. Roar må til legen for å kontrollere smerter og hevelse i venstre arm
  2. Vi skal proviantere
  3. Lyder Veum (partseigar) kjem for å vere med oss å segle

Ettermiddag:
Vi løyser Bakkejekta og skal segle i Stokkevågosen.
Mannskap: Roar Moe er høvedsmann, Jorun Vågen er i bakrommet, Marit Steinsund og Lyder Veum skal dele på ansvar for hals, bauline og priar.
Vinden er sørleg, og trass i iherdige kryssingar med påfølgjande kuvendingar kjem vi stadig lengre vekk frå målet som var å segle attende til Litle-Færøyna etter  prøveturen. Så vi bestemte oss for å søkje ”nødhamn” på Lågøy for å låne båt hjå Gudrun. Og då høvde det jo veldig godt å banke på døra hennar…vi blei bedne inn på nytrekt kaffi og is…
Martinus Lågøy –erfaren båtbyggjar- kom ned på kaia for å kike på Bakkejekta, han var godt nøgd med skuta.

Tysdag 1.august
Besøk av fleire som vil segle med Bakkejekta.
Kl.12 gjekk Lyder i snekka for å slepe oss nordom Lågøy sidan vinden i dag er frå nord.
Mannskap: Roar Moe er høvedsmann, Marit og Jorun han ansvar for framrommet
”Førstereisgutar”: Hildur Ytreøy, Merete Moe, Tove Nygård og Ann Kristin Tveit
Vi set segl kl 13.13, attende i hamn kl. 15. Felles måltid på kaia.

Vi hadde avtale med Gudrun om ein ny segltur om ettermiddagen, men denne vert utsett til neste dag. Men det kom fleire som ville segle, så kl.18.00 slepar Bjørn Hersvik på nord att for ny segling.
Roar Moe er høvedsmann, resten av mannskapet er Jorun Vågen, Marit Steinsund, Øyvind Losnegard og Lyder Veum.
”Førstereisgutar”: Oddlaug Hersvik (partseigar), Bodil Steinsund, Kristoffer Steinsund, Sverre Olav Baukhol, Amund Baukhol

Begge seglingar avslutta med lodd- og effektsal.

Marit Steinsund, loggførar

Onsdag 2.august
Seglturen starta, etter mykje om og men, litt før kl.15. (Roar vart sett på sjukelista og reiste med ambulanse til Førde.)
Lyder Veum taua Bakkejekta til nord for Lågøyholmane. Jekta vert sett med babord hals mot vest og Lågøyfalla. Etter tauing vekk frå falla sette vi kurs mot Buskøy og kuvende mot vest og vidare sør leia med retur til Litle Færøyna kl.17.30
Mannskap: Arne Osland-høvedsmann, Marit Steinsund med priar, Jorun Vågen med boline, Arthur Boge med klotampen, Øyvind Losnegard med bras.
Passasjerar: Gudrun og Marit S (partshavar) med Astrid 5 år.

Arne Osland, loggførar

Torsdag 3.august
Opphaldet i Solund er over for denne gongen…Bakkejekta og mannskapet har hatt fine dagar her. Vi har testa badetemperaturen og vi har vore veldig omsverma…av knott! Vi seier tusen takk til verten vår –Roar- (som blir friskmeld i morgon) og også takk til kvarandre for gode samlingar rundt langbordet på kaia. -Takk for turar i snekka med trollgarn og snøre, takk til Merete som tilbereda (med gode råd frå Gudrun) det vi drog på land.. skatevengjer og krabbe, lyr og torsk.

Slep startar kl.10.00, tusen takk til Bjørn Hersvik som slepa Bakkejekta med Marit og Arthur frå Litle-Færøyna til Følsundet der Rolf Losnegård med sitt mannskap tok over slepet kl 12.30.

Loggbok pr.06.09.2006

Piratfest i Vårdal

Fredag 4. august 2006
Bakkejekta var leigd inn av Idun Losnegård til piratfest på Elvebø i Vårdal, og ho vart brukt som trygg gøymestad for nøkkelen til skattekista……om du vil vite meir om festen, kan du ta kontakt med Idun……Takk til Rolf Losnegård og Viljar Losnegård som slepa jekta inn frå Lammetun!

  Bilete frå Piratfesten finn du her…….

Bryllaup i Flekke

Laurdag 5. august 2006
Ove Losnegård slepa jekta inn fjorden til møtes med onkel til brura, Arthus Boge, laurdag føremiddag.Vi siglde (rodde) brudeparet Jørgen Bakke og Hege Agate Alisøy Bakke frå Haugland til Flekke. Det var fire roarar: Jonatan Kyvinsky, Jørgen Solstad, Helge Bakke og Stig Støfring. Arthur Boge var bas.

Loggførarar: Dorthea Alisøy og Egil Furnes

Kobbeskjerkveld i Dalsfjordveka

Fredag 11. august 2006
Ove, Anders og Marit mønstra på på Jensbua kl. 17. Etter klesskift (alle skal stille i kvit skjorte) og div. klargjering heng vi tampen fast i Bernhard sin båt for sleping til Haugland. Ingen vind i den heite sommarettermiddagen, og dessutan har vi lånt seglet vårt vekk til ”Jakopen i hundre” på Kyrkjebakken i Askvoll, der det er premiere i kveld. ( Der kunne alle sjå at råseglet var eit fantastisk flott lerret for projeksjon av bilete av Jakob Sande).

På Haugland ventar Asbjørn og Arthur i sine kvitskjorter, og mykje folk vil til Kobbeskjeret. Vi legg til kai i godt selskap med Atløy og Gamle Opstad, Tollesund og elles mykje kvit plast med innslag av lakka treverk.

Når alle passasjerane er om bord legg vi frå land – Ove og Anders ror bak, Marit og Asbjørn på tofta framme. Arthur ordnar med tauverk og skal halde utkik etter påkomande farar. Etter felles song frå båtane (Vesle Daniel), rodde vi i spissen for båtkonvoien til Kobbeskjeret – nydeleg sommarkveld!

Etter sangstunda ved Kobbeskjeret byrja vi å ro utatt, men mesteparten av mannskapet gjorde mytteri mot høvedsmannsaspiranten (Ove) og kravde slep. Då tok Arthur ansvar og ordna slep for oss med Trygve Eldevik heilt utatt til Jensbua. Så klokka om lag 21 tek Bakkejekta kveld ved flytekaien, og Ove, Marit, Anders og Arthur går i land.

Takk til sleparar Bernhard Tysse og Trygve Eldevik!

Loggførar: Marit & Ove

  Bilete finn du her…….

Kystkulturdag på Jensbua

Sundag 13. august 2006
Jekta låg til pryd og åtgaum under kystkulturdagen på Jensbua, der reipslaging (Ingunn Undrum frå Hardanger Fartøyvernsenter), kapproing og tradisjonsmat var trekkplastra. Asbjørn Igelkjøn og Oddvar Åsnes var vertar om bord, og tok også med seg 2 grupper på ein liten fjordtur i den varme sommardagen. Dei hadde til og med oppe seglet og fanga den vesle fjordvinden – pustet – som kom.
Vellukka kystkulturdag, men mogeleg at det var litt færre vitjande enn i fjor – kanskje 150??

Loggførar: Ove

  Bilete frå kystkulturdag på Jensbua …….

Fossedalens dag

Laurdag 19. august 2006
Vi rodde ut frå Jensbua i stilla og varmen kl. 18. Desse var med: Ove Losnegård, Marit Steinsund, Rolf Kleiven, Rune Burdahl, Linda Hovland, Sigmund Sætenes og Erlend Gjelsvik. Vi rodde inn til fyen på Øyna, inspirert av Marit sin blåbærpai og sjokolade. Sigmund fekk 1 vassblemme. Ved Øyna kom fin vind frå nordvest som sende oss rett i Fossevikja. Til kai der om lag 20 00.

Anders i Vikja (sjå www.fosseviken.no) hadde laga fin grillfest for mannskapet og hans og Fossedalens Vener. Tusen takk, Anders! Ove hadde bestemt seg for å prøve vengen i jekta, og gjekk og la seg der. Natta vart noko lang og vengen litt kort – og hard. Dessutan draup det litt under bygene om natta.
Komforten i vengen vart sett til *.

Sundag 20. august 2006
Rigga vi til enkel stand i naustet og gav informasjon til dei som kom på Fossedalens dag. Regn og regnbyger.

  Bilete frå Fossedalens dag

Tur til næringsdag i Solund

Fredag 25. august 2006
Are Morten Follevåg hadde slepa jekta til Askvoll i går, slik at ho låg klar til Solundtur.

Askvoll – Litje Færøyna.
Mannskap: Rune Burdahl, Marit Steinsund, Steinar Jørs, Berit Hisdal Lunde og Roar Moe, som slepa med Sabben. Det var varmt, fint ver, mest sol, men også nokre skyer. Og eit par regnskurer då vi nærma oss Solund. Dårleg med vind, så det vart slep heile vegen. Men vi hadde det triveleg om bord i jekta. Reiste frå Askvoll 11 40 og kom til Litje Færøyna 15 15. Det var god traktering om bord – Marit hadde natronkaker med syltetøy og brunost. Vi andre hadde dei meir ordinære nistepakkane med knekkebrød, så dei vart liggande i sekken til seinare på dagen. Vi fekk mange interessante foredrag om historie og stadnamn ved Steinar undervegs. Og praten gjekk også livleg om andre viktige ting. Middag på Litje Færøyna seint på kvelden og diskusjonar utover natta.

Laurdag 26. august 2006
Etter Berit sitt morgonbad og frukost på trappa reiste vi sørover til Hardbakke med Bakkejekta på slep – ca. kl. 10 15 frå Litje Færøyna. Sol og deilig ver, varmt og fint, men for lite vind til segling. Kom til kai kl. 11 00. Men før det reiste vi sør til Steinsund for å kunne segle inn på hamna. Heiste råseglet. Arne Osland, som kom om bord i Steinsund, bles i luren då Bakkejekta segla fint forbi holmen og inn til ekspedisjonskaia. Der låg jekta i solskinet og pynta godt opp i det maritime miljøet. Som eit symbol på kva fortide har gjeve oss og lært oss. Det kom mange interesserte tilskodarar, og vi selde ein del lodd, ein part og litt anna. Vi hadde mange hyggelege samtaler med folk og stemninga var fin i det herlege sommar/haustveret. Reiste nordover til Litje Færøyna kl. 17 00. Segla fint ut frå hamna – eit flott syn for dei som sat i båtane og på kaia. Vi hadde akterleg vind (flau bris). La til på Litje Færøyna kl. 17 40. Pakka segl og kaia råa. Båten var ship shape og klargjord kl. 18 00. (Sitat Roar). Kvelden vart avslutta med tur til Solund Bryggje, frivakt for mannskapet.

Sundag 27. august 2006
Vi flyttar ballaststeinane og vaskar jekta innvendig med klorin/salmiakkvatn for å få bukt med algevekst og vond lukt etter lang tid med stilleståande vatn i kjølen. Rune finn tauendar som må ”reddast”, så han syr taklingar.
Kl. 17 00 forlet mannskapet jekta på Litje Færøyna, her skal ho liggje og vente på vind til ferda vidare.

Loggførar: Berit Hisdal Lunde

  Bilete finn du her…….

Kronprinsparet i Bulandet

Laurdag 2. sept. 2006
Roar Moe ordnar det slik at R/S Utvær slepar Bakkejekta til Bulandet, der ho etter avtale med Gunnlaug Gillesøy (som har lova å sjå etter henne) førtøyer i Pernillestø.
Tusen takk til R/S Utvær for flott hjelp!!

Tysdag 5. sept. 2006
Tidleg i sommar spurde ordføraren i Askvoll oss om å kome til Bulandet for å vere med på å kaste glans over kronprinsparet sitt besøk.

Ove Losnegård, Asbjørn Igelkjøn og Oddvar Åsnes reiste utover med første ferja for å mønstre på jekta i Pernillestø. Det gjorde også vår Bulandskjentmann og gjesteskippar Kristian Kjempenes, som hjelpte oss gjennom heile dagen. Skikkeleg bulending: Hjelpsom, gjestfri og i godt humør! Veret var skya med nord-nordvestleg bris som letta og løya etterkvart – nokre få dropar innimellom. Etter kvart kom sola fram.
Vi rodde oss sør forbi Nikøy og fekk slep nordatt under Kjempenesbrua – Kristian hadde avtala slep på førehand. ”Makrelen” – den fine rogavlen frå Værlandet – kom med Tor Leite og Olav Vesterås omord. Saman la vi oss til på Tistel medan vi venta, og her fekk vi sjå på semidieselane i bua deira.
Medan vi venta på at kronprinsparet skulle kome over Kjempenesbrua, la vi oss opp i sundet på ei stake saman med ”Makrelen”. Der låg vi og var fine å sjå på til dei kongelege hadde gått over brua – då la vi oss bort til kyrkjekaia. Der var talar, song og program før kronprinsparet for med M/B ”Askvoll”. Då rodde vi oss opp i ”Pilestredet” og la oss til ved Kristian sin båt. Han inviterte oss inn for å sjå dei flotte båtmodellane hans, og vi fekk kaffi i stova. Så gjekk vi på Fiskarheimen og åt betasuppe.

Kl. 14 00 gjekk vi frå Pilestredet. Kristian hadde generøst tilbode oss slep forbi Sørværet, og vi var ved Austneset om lag 14 45.
Vi takka Kristian pent for stor innsats og hyggjeleg dag, og sette segl.
Laber nord-nordvest bris, men litt rotete i Aldefjorden. Vilnesfjorden betre og meir stabil nordvestleg. Passerte Kjeøyna 16 30.
Passerte Fureneset 18 00 og Vårdalsneset 19 30.
Vinden slakna heilt av innafor Vårdalsneset, så vi tilkalla Are Morten Follevåg for slep. Medan han slepa, byrja vi å rigge ned – for vinteren…

I hamn på Jensbua om lag 21 30.

Tusen takk til Kristian og alle andre kjekke bulendingar!

Loggførar: Ove Losnegård

  Bilete frå Kronprinsparet i Bulandet finn du her…….

No ventar ho på å få kome i hus, få av seg skjegget under og stelt og pussa seg til neste sesong.

SLUTT LOGG 2006 - Se nyere logg



Partslaget Bakkejekta
Postboks 24, 6961 Dale i Sunnfjord
Bankkonto 3755.11.06749
Tlf. 57 73 90 20 Faks 57 73 90 21 Mobil 91 38 34 59
E-post: ove@jensbua.no