Logg 2009 – Logg 2008Logg 2007 Logg 2006

Sundag 9. august 2009 – familiedag i Holmedal

Mannskap: Ove Losnegård (høvedsmann), Asbjørn Igelkjøn (halskar), Jofred Åsnes, Bjarne Akse, Arnulf Aasnes, Markvard Eikerol, Haldis Eikerol, Rannveig Åsnes, Anna Irene Steindal, Jana Mey.

Frå Jensbua 09 30
Stille og vakkert, med sol i kjømda. Vi påhengsa oss til Straumsnes, der vi tok straumsnesingane kom om bord.

Frå Straumsnes 10 00
Siste stykket mot Holmedal rodde vi. Vi la ut bøye utafor Bakkefjæra som skulle vere rundingsbøye for kapproinga.

Til Holmedal 10 40

På kyrkjevoren i Holmedal vart vi mottekne som er ei jekt verd: Med flaggborg! Svært hyggjeleg! Så bar det til kyrkje for ein del av mannskapet – med jekteårane som presten (siglarpresten) hadde bede oss om å bere inn i gudshuset.

Vi som ikkje var til stades, fekk fortalt at årane vart velsigna og at Per Arne Tveit var hjelpeprest. Vi set vår lit til at det vil hjelpe i stille og motvind.

Tre lag melde seg til kapproinga:
• Fjellalaget (frå Tveit og Mork)
• Vikalaget (frå Vik m.fl.)
• Jektelaget (heimelag av av mannskapet)

Desse laga rodde jekta, med Ove som høvedsmann, frå voren og inn til Bakkefjæra, rundt bøya og attende. Høvedsmannen prøvde å gjere alt så rettferdig som mogeleg, og kjømeister Per Arne tok tida.

Innsatsen var enorm, og resultata vart slik:
Fjellalaget vann (!) på tida 4 min 56 sek, jektelaget hadde 4.59 og Vikalaget 5.01. At det vart så tett, seier vel noko om maksfarten på jekta under årar! Vinnarane fekk kvar si jektehue + krus som pokal.

Elles var familiedagen stands (jekta hadde og), konkurransar og mat, og eit par hundre folk hadde funne vegen til bygds denne vakre augustdagen. Flott og at det er avtala at overskotet frå familiedagen skal gå til jektenaustet i Bakkefjæra.

Takk for oss!

Frå Holmedal 16 00
Til Straumsnes 16 20
Til Jensbua 17 00

Loggførar:
Ove Losnegård

Kobbeskjerkvelden 7. august 2009

Mannskap: Anders Pihl (høvedsmann), Asbjørn Igelkjøn, Kåre Håland

Fint, stille vær, enkelte regnbyger. Fin tur på fjorden med sanger av Jakob Sande. Foruten mannskap og to tanter av høvedsmannen hadde vi fire gjester om bord. Disse var tidligere UWC-studenter på gjenforeningsfest. Vi serverte spekemat og flatbrød på turen tilbake til Haugland.

Avreise Jensbua 17 21
Ankomst Jensbua 20 15

Loggfører:
Anders Pihl

Kaidag i Hersvikbygd i Solund 25. juli 2009

Mannskap: Arthur Boge (høvedsmann) og Harry Alisøy (halskar).

Fredag 24. juli
Gjekk frå Jensbua kl 16 00. Litt vind imot, så vi påhengsa. Stopp ved Lammetun kai kl 18 00. Fyllte bensin og åt middag. Gjekk vidare ut Følsundet kl 19 00, framme i Hersvik kl 20 15. Fekk ligge i kjellaren hos Astrid Værøy. Som nett hadde kome attende frå Amerika.

Laurdag 25. juli
Etter ei god natt åt vi fin frukost om bord. Dessverre tomt for gass, så vi fekk kaffi hos Trygve Jøsing frå Landøy. Han var slektning av Harry.

Etter ein lang dag med litt sal og mykje jekteprat og mykje skryt av båten, gjekk vi frå Hersvik kl 17 30. Fekk vind aktenfor tvers ved Barsnes og siglde til Klenevågen, der ein del av hyttefolket kom og synfara båten. Åt kvelds og siglde vidare kl 23 00. Framme ved Jensbua 23 45.

Loggførarar:
Arthur Boge og Harry Alisøy

Skjærgardstreff i Askvoll 18. juli 2009

Mannskap: Ragnhild Tveiten (høvedsmann), Asbjørn Igelkjøn, Bjarne Akse. Magne Follevåg, Anders Lien og Øystein Helle hjelpte til i Askvoll.

Gikk fra Jensbua ca. kl. 08 00. Stille, så vi gikk for motor. Kom raskt (drøyt en time) til Askvoll, hvor ingen visste hvor vi skulle legge til Fikk til slutt lagt oss på innsiden av fergekaiene. Satte opp medbrakte årer med plakater og rigget til for laging av småjekter og salg av diverse medbrakte jekteprodukter.
Litt uklarhet i hva jekta skulle brukes til, men kom fram til at vi skulle gå roturer med folk gratis, og at de som ville lage småjekter betalte kr 50.- for det. Litt vanskelig å lure folk med ut på rotur, men det ble produsert 10 små jekter. Vi fikk totalt 5 roturer med alt fra 15 – 3 gjester om bord.

Ca 17 30 gikk vi tilbake – også for motor.
Mange glade roere og gjester.

Loggfører:
Ragnhild Tveiten

Sundag 12. juli 2009 – brureferd på Dalsfjorden

Brureparet Henriette Hatlevoll og Erlend Ona Gjuul hadde leigd jekta til å frakte brurefolket til kaffiselskap på Lillingstonheimen. Brura er frå Bakke i Holmedal, og det er ei stor ære for jekta å få bere henne og brurefolket over fjorden!

Frå Jensbua 10 30
Mannskap: Ove Losnegård (høvedsmann) og Jofred Åsnes (halskar). Laber bris frå NV, skiftande skydekke.
Til Holmedal 11 00

Frå Holmedal 12 00
15 medseglarar frå bryllaupet rodde pent inn forbi Kleppeneset før vi sette segl og siglde til Fruens Havn på Tysse. Svært hyggjelege folk som var gode til å syngje!

Til Fruens Havn 13 00
Medan bryllaupsfolket var oppe på garden til kaffi og kaker, venta vi på Fruens Havn saman med skyssbåten ”Eivindvik” (med jektekar Rich om bord som mannskap) og MS Lauvanger – som vi fekk hyggjeleg omvising i.

Frå Fruens Havn 15 30
Nye medseglarar om bord – nokre få frå sist – og sjølvaste brureparet og far til brura, Håkon Hatlevoll. Vi påhengsa oss ut mot Straumsneset i motvinden, fekk sigla siste stykket mot Holmedal til ære for brureparet. Brurefar Håkon stod til rors.
Vi sleppte brurefolket i land i Holmedal, takka pent for oss, fekk oppgjer i handa og la i veg innatt fjorden.

Frå Holmedal 16 30
Fin, laber bris frå vest bar oss heilt til Jensbua – takk!

Til Jensbua 17 15
Det er ei stor ære for Bakkejekta å få lov å bere brurefølgje frå Bakke over fjorden. Tusen takk for det, og hundre gode år må følgje brur og brudgom!

Loggførar:
Ove Losnegård

Skumringsturar på Dalsfjorden juli 2009

I samarbeid med prosjektet ”Arven frå vikingtida” i regi av Stiftinga Jensbua vil vi i sommar prøve ut kvelds- eller skumringsturar på Dalsfjorden. Ingrid Hansen, Ove Losnegård og Roar Moe har arbeidd fram eit opplegg for ein opplevingstur der Dalsfjorden, jektene og utfarten til Island var hovudtema for historier og dialog med medseglarane. Maks tal medseglarar vart sett til 15, prisen til 200.- pr pers og tidsramma til 3 timar.

Tysdag 7. juli 2009
Høvedsmann Roar Moe, halskar Ove Losnegård

15 medseglarar (dvs full båt), alle frå Hauglandsenteret (var visstnok to på venteliste også) stilte blide og forventningsfulle ved Jensbua like før kl 19.

Etter innleiande prat om turen, tryggleik og kva vi ville ta folket med på, sette vi ut frå Jensbua i den fine sommarkvelden. Først rodde vi eit stykke ut i fjorden, så let i påhengsen overta til litt utanfor Rivedal. Der let vi spikjekjøtet gå rundt saman med praten om Ingolfr Arnarson, Dalsfjorden og andre viktige ting i livet.

Så sette vi segl med ein av medseglarane til rors og kuvende to gonger før vi kom innatt til Jensbua om lag 22 00. På turen opplevde vi at vinden snudde frå nordvest til søraust! Svært gode tilbake-meldingar frå medseglarane våre gav god motivasjon til neste tur!

Loggførar: Ove Losnegård

Tysdag 14. juli 2009
Tid for tur nr. 2 i rekkja av skumringsturar på Dalsfjorden. Det kom svært få påmeldingar til turen (3), så vi inviterte ein del av jektemannskapa til å vere med på turen, både for å lære og vere korrektiv til forteljarane/skrønemakarane Ove (halskar) og Roar (høvedsmann): Asbjørn Igelkjøn, Jofred Åsnes, Arthur Boge og Bjarne Akse.

Frå Jensbua 19 00

Fint ver med skiftande, lett bris frå VNV. 5 medseglarar, av dei 3 betalande (viste det seg til slutt), i tiilegg til mannskapa. Vi køyrde om lag opplegget frå sist, og dei medseglande mannskapa saug til seg av Ove og Roar sine gullkorn (!!) til bruk på turane seinare.

Vi rodde utover mot Rivedal, opna der ferdaskrinet og naut spikjekjøtet og flatbrødet i kveldssola, før vi seig sakte over mot Tysselandet og Jensbua i den stadig avtakande brisen.

Vi fekk gode tilbakemeldingar på turen, både frå medseglarar og mannskaps”aspirantar”.

Til Jensbua 22 00

Loggførar: Ove Losnegård

Tysdag 21. juli 2009
Skumringstur nr. 3 på Dalsfjorden. Mannskap: Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann) og Anders Pihl. Oddvar Åsnes og Jostein Bakkebø kom og.

Det vart meldt på ein person, så Anders vart heime i Dale. Vi venta til kl. 19, då kom det 5 personar til. Dei hadde sett omtala i ”Firda” i dag.

Vi brukte same opplegget som sist. Vi rodde oss ut i fjorden, men så fekk vi vind inn fjorden. Så etter ein del historieforteljing påhengsa vi oss ut forbi kaia på Straumsnes. Så sette vi segl, kursa mot Kleppeneset og så inn fjorden langs land. Vi fekk fin bør innover.

På turen innover vart det ny historietime, skrinet vart opna og vi kosa oss med spikjekjøt og godt flatbrød. Jostein meinte det var peisande godt spikjekjøt han hadde laga.

Til Jensbua 21 45

Vi fekk svært gode tilbakemeldingar på turen frå deltakarar og mannskap.

Loggførar: Asbjørn Igelkjøn

Tysdag 28. juli 2009
Skumringstur nr. 4 på Dalsfjorden med Bakkejekta.

Mannskap i dag: Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann) og Anders Pihl (halskar). Turistkontoret hadde fått mange påmeldingar i dag og måtte seie nei til nokre. 2 påmelde møtte ikkje – kanskje var dei redde for dårleg ver.

Ein av medseglarane i dag var historikar Finn B. Førsund, så det var nok ikkje råd å prøve seg på ein bløff. Men det vart heller ikkje naudsynt, dei fleste fekk sikkert rikeleg med historie og alle var svært nøgde med turen. Vi fekk ei kraftig regnbyge då vi gjekk om bord – sidan var det fint.

Vi rodde nesten til Rivedal, så starta vi påhengsen og kursa mot Holmedal i håp om vind så vi fekk oppleve jekta under segl. Vi fekk vinden ute i fjorden og med god bør segla vi til Kleppeneset og inn langs land. Tok i hop ved Liset og skrinet med jektekosten kom fram. Spikjekjøtet og flatbrødet fekk mykje skryt.

Til Jensbua 21 45

Bjarne Huus kom heilt frå Førde; han var svært nøgd med turen. Alle tilbakemeldingane var gode, Men Finn B. Førsund var ikkje einig i at Dalsfjorden er verdas vakraste fjord.

Loggførar: Asbjørn Igelkjøn

Tur til Hardanger Båtfestival i Norheimsund 19. – 21. juni 2009

Etter det forsmedelege nederlaget i fjor, då vi ikkje fekk jekta til båtfestivalen på grunn av ein kuling, var vi no i år svært bestemte på å late det stå til. I år har vi dessutan eit nytt, sterkt kort på hand: Ein 8 hk Tohatsu på styrbord side bak, som gjev oss ein heilt anna fridom til å kome oss der vi vil – trass motvind og stille. Den var i alle fall god å ha når det etter tre veker med nordavind, snudde på sør den dagen vi skulle sørover……..

Jekta har lagt i Eivindvik hos Steinar Jørs sidan skulesekkseglasen. Steinar og Anne Misje frå kommunen lånte Bakkejekta til å stille ho ut under Gulatingsfesten laurdag 13. juni. Ho vart liggjande på dregg på Flolid, og natt til 15. drog ho dreggen med seg og hamna på land, der ho fjæra oppe. Vi fekk telefon på føremiddagen måndag frå ein forbipasserande, og alarmerte straks Anne Misje, som rykte ut. I løpet av dagen, meg godt pass av Kjell Oppedal m.fl., flotna ho greit av med floa.
Det ser – førebels – ut til at det ikkje er skader på jekta, men vi har ikkje fått sett på henne undervanns enno.

Onsdag 17. juni 2009
Mannskapet samla seg i Eivindvik på føremiddagen: Ove Losnegård, Asbjørn Igelkjøn, Saskia Tragner og Bjørn Ådne Kvalvik. Ove er høvedsmann på turen. Arthur Boge reiser med Penelope i morgon, og mønstrar på jekta når dei tek oss att.

Vi pakka alt om bord og sette ut frå Eivindvik 12 45

Fint, lettskya ver, men laber bris midt imot – frå sør. Det er utgjort at det snur i dag – etter vekevis med nordavind! Vi påhengsa ut i Ånnelandssundet med kurs mot straumane.

Passerte Kjelstraumen 15 50

Til Feste 18 05

Fylte bensin. Regnet kom då vi gjekk frå Feste 18 30

Det vart surare og surare ver etterkvart som vi gjekk sørover Radsundet. Laber til frisk bris rett imot, med til dels kraftig regn. Mannskapet som var på frivakt kraup saman framme i baugen for å finne ly mot regnet.

Passerte Alversundbrua 20 00

Vi vurderte å legge oss til både i Litlebergen og i Salhus, men valde å gå vidare sør Byfjorden mot Eidsvåg. Ove hadde kontakta svoger og svigerinne der, og dei hadde lova å ta imot våte jektefolk.

Til Snekkerplassen i Eidsvåg 22 00

Eirik Farestveit tok imot frosne og våte jektefolk på beste måte. Vi la jekta ved den flotte flytebryggja hans og fekk tørke kle i naustet. Bjørn Ådne og Saskia for til bros hans på Eidsvågneset, medan Asbjørn og Ove fekk varm kveldsmat, ei god seng og fin frukost på Snekkerplassen. Tusen takk til Ragnhild og Eirik for flott gjestfridom!

Torsdag 18. juni 2009
Etter nydeleg frukost på Snekkerplassen, heiste Asbjørn og Ove segl for å plukke opp Saskia og Bjørn Ådne på Eidsvågneset. Men vinden datt i hop, så vi påhengsa oss inn mot byn.

Til Fisketorget 10 00

Endeleg kom Bakkejekta til byen sin! Dessverre hadde vi med oss lite varer frå Sunnfjord, og lite byvarer hadde vi råd til – men vi kjende oss litt andektige der vi låg inst på Strandkaisida. Minst 100 år sidan Bakkejekta var her sist!

Frå Bergen 12 00
Sørleg vind i dag og, så vi kveikte jernseglet. Ved Bjorøy (austsida) var vinden litt meir på SV, så vi slo eit par slag her før vi påhengsa oss vidare. Kort pause for bensinfylling på

Hjellestad om lag 17 00

Sør for Bjelkarøy sette vi segl att og gjekk høgste gang mot Korsneset, men måtte få hjelp av jernseglet då vi ikkje klarte neset. Mykje avdrift når vi seglar høgste gang i lite vind!

Passerte Korsneset om lag 18 00



Over Korsfjorden og inn i Bjørnafjorden siglde vi pent i den labre brisen. Men vel halvvegs inn Bjørnafjorden datt vinden heilt vekk, og det vart å kveikje Tohatsuen att. Sør gjennom Lukksund fekk vi att vinden rett imot, og då vi kom sørom vart det kraftig bygever. Vi bestemte oss for å natte over ved ei lita steinkai ved ei hytte på fastlandssida – nord for Håvik – og spente opp seglet som telt framme i jekta.

Til steinkai ved hytte om lag 24 00

Vi hadde ei von om at all talga vi hadde spandert på seglet ville gjere det tett – og det er nok mykje tettare – men slett ikkje heilt. Kraftige, langvarige byger om natta gjorde søvnen noko sporadisk, og vi vakna noko våte, men det goda hømøret hadde dom kvar…….
Enkel frukost under seglet før vi tok laust 08 00

Jamnt, kraftig regn med endå kraftigare byger, motstraum og kulde gjorde første delen av Hardangerfjorden til ein prøvelse. Heldigvis letta det noko opp frå Hatlestrand/Strandebarm og innover.

Passerte Vikingnes 13 35



Vi gjekk for motor med seglet som telt.
Etter Vikingnes letta det opp, sola kom fram og tina frosne og våte kroppar, og vinden kom etter oss opp Samlafjorden. Så då heiste vi segl og let oss lense innover. Nydeleg! Ved Aksnes tok Penelope oss att, og etter at vi hadde utfordra dei til å heise ein klut og, seig vi innover mot Norheimsund. Om bord i Penelope var, forutan skipper Steinar Jørs, Arthur Boge Ingunn Ingvaldsen og Bakkejekta si gudmor Gudrun Ingvaldsen.


Ved Sandvenholmen datt vinden vekk, så vi rodde inn til festivalhamna ”Bota” i Grove.
Endeleg er vi her!



Vi vart godt mottekne av festivalsjef Geir Madsen og koordinator Inger Wilhelmsen på kaia, og mannskapet fekk ein liten ankertår. Seinare på kvelden var høvedsmann Ove på skippermøte, før vi avslutta den flotte dagen med middag om bord i Penelope.

Ei stor takk til alle som har vore med på å få dette til!

Hardanger Båtfestival 2009
Laurdag og sundag låg vi med stand, selde jektesaker og fortalde om jekta, svært sentralt ved landgangen til ”Bota”. Rett tvers av scena og midt i folkestraumen. Mange tok kontakt, spurde og grov, og vi treivst godt ilag med festivalfolket og arrangørane. Bjarne Akse slutta seg til jektemannskapet. På laurdag var dei som hadde frivakt på Fartøyvernsenteret og m.a. høyrde på ulike føredrag. Det var inspirerande å høyre på Åsmund Kristiansen som fortalde og viste bilete om turane med fembøringen ”Braute”.


Sundag, etter stand og konsertar, fekk vi – Bakkejekta – festivalpris for godt arbeid med prosjektet Bakkejekta! Tusen, tusen takk – ei stor ære!

Sundag 21. juni 2009
Frå Norheimsund 15 30

Vi takkar så mykje for flott festival og fine dagar – stor klem til Inger, Geir og resten av mannskapet!

Mannskap: Ove (høvedsmann), Arthur Boge, Asbjørn og Bjørn Ådne

Vi rodde Bjarne til Fartøyvernsenteret – takk for innstasen i helga, Bjarne! – før vi påhengsa oss utover Hardangerfjorden i laber bris rett imot. På Hissfjorden (?) slo vi eit par slag så vi kom oss over mot Snilstveitøy, men så datt vinden heilt vekk. Så då påhengsa vi oss til Stussvik i Lukksund, der vi fekk oss kaiplass hos ein svært gjestfri hyttemann: Harald Steine. Vi fekk til og med sette opp lavvoen vår på terrassen hans (!), og der hadde vi ei god natt. Tusen takk!




Måndag 22. juni 2009
Frå Stussvik 09 00

Skiftande vind, lettskya – det vart etterkvart heilt stille over Bjørnafjorden. Vi påhengsa til Vedholmen Landhandel vest for Halhjem. Vakkert!

Til Vedholmen 11 30
Bunkring og lunsj.

Frå Vedholmen 12 55
For motor forbi Askvik og utatt i Korsfjorden, der vi heiste segl. Svak til laber bris frå VSV. Vi kreka oss så vidt forbi Korsneset, mellom Bjelkarøy og Lerøy – såg handelsstaden Bukken – nydeleg!
Oppover byleia siglde vi med slakk vind på bb låring, men gjennom Vatlestraumen og opp mot Sotrabrua var det så mykje trafikk at vi måtte kveikje jernhesten att. Etter god middag nord for Litle-Sotra (Asbjørn og Bjørn Ådne slo til med fiskebollegryte og mandelpoteter – utmerka!) sette vi ut i Hjeltefjorden – laber bris frå sør – 3-5 knops fart nordover.



Passerte Sotrabrua 17 00
Passerte St. Jona 20 50

Vi hadde mann over bord – øving – heiv ut fender, snudde og rodde for å plukke opp. Det tok om lag 5 min. Vi var samde om at det i hovudsak gjekk bra, men følgjande kunne vore betre:

• Den som oppdagar m.o.b., bør heile tida følgje den sakna med augo og peike på han/ho
• Vi burde ha kasta livbøye, men var usamde om når
• Vi burde ha kasta ein markør så fort som mogeleg

Det minka litt på vinden nordover Hjeltefjorden, så vi vurderte å gå over til jernsegl, men lovande vermeldingar heimafrå om frisk bris til natta inspirerte oss til å halde ut. Etter kvart friska det på att litt, samstundes som sikten vart dårlegare og skumringa seig på. Men vi bestemte oss for nattseglas, og peika ut Mjømna i Gulen som mål på morgonkvisten.
Bilete Hardanger Båtfestival 2009 (43-47)

Tysdag 23. juni 2009
Opp mot Fedje vart sikten verre og verre – vi såg i periodar ikkje fyr og lykter på begge sider av Fedjefjorden. Med 3 gode navigatørar/utkikkar og Ove til rors segla vi i 4-7 knops fart ut Fedjefjorden og bøygde inn Fensfjorden. Store skip og losbåtar rundt oss, nokså mørkt, og vanskeleg å sjå fyr og lykter skapte spenning hos mannskapet – rart å tenkje på at 7 knops fart på jekta kjennest som stor fart!

Det regna jamnt og til tider friskt, men humøret heldt, og gleda vart stor då vinden følgde slik at vi med 20 m klaring runda Vikingnes om lag 04 30
Bilete Hardanger Båtfestival 2009 (48-51)
Opp Mjømnesundet lensa vi i 3-4 knops fart på ein laber bris, mannskapet gledde seg til plass i gjestehamna og tørr lavvo, men:

Butikken på Mjømna er nedlagt og gjestehamna fjerna! Skuffa siglde vi rundt neste nes og la til ved kyrkjekaia – lavvoen sette vi i lyngen nedanfor kyrkja.

Til Mjømna kyrkje omlag 05 30

Tre timar på puta får halde når ein er på heimveg! I 9-tida var gutane klare att, og etter god frukost i opplett ver ved kyrkjekaia, tok vi ut mot nord.
Bilete Hardanger Båtfestival 2009 (52)

Frå Mjømna kyrkje 10 30
Passerte Glavær 11 15

Roar på Litje Færøy hadde tinga byvarer heim med jekta, som vi leverte (tau og fenderar frå taumakar Thor Jahnsen). Bjørn Ådne mønstra av her – tusen takk for laget og flott innsats!

Frå Litje Færøy 13 45

Vi påhengsa over Lågøyfjorden, gjennom Skomakaren, sette segl på Aldefjorden, men vinden var svak. Litt meir påhengsing, så litt segling inne ved Lammetun, men også her var vinden svak.

Til Jensbua 19 00

Opprydding om bord og på land før vi vart henta av våre respektive.

Hjarteleg takk for flott tur og stor takk til eit utmerka mannskap!

Loggførar:
Ove Losnegård


Bakkejekta siglar i Den Kulturelle Skulesekken – mai og juni 2009

Sogn og Fjordane Fylkeskommune hadde tinga oss til ny seglas, etter den vellukka seglasen hausten 2007. I år er det skulane i Fjaler, Hyllestad og Gulen som ligg i leia.

Måndag 25. mai 2009

Mannskap: Ove Losnegård (høvedsmann), Joakim Janninge (halskar) og Asbjørn Igelkjøn (sløydlærar)

5. og 7. klasse på Dingemoen skule, 12 + 8 + 2 lærarar (Eva Kyrkjebø og Sølvi Ann Solheim).

Bortsett frå nokre få dropar på slutten av dagen, heldt det seg tørt. Lite vind – vi hadde oppe seglet begge øktene, men det vart lite framdrift.

5. klasse var på sjøen først, medan 7. laga småjekter. Så bytte vi etter felles lunsj, der vi og skar opp spikjekjøt og delte ut heimebakt flatbrød.

Nokre av 7. klassingane kjeda seg litt når vi venta på vind ute på fjorden – elles såg det ut til at alle likte seg godt. Lærarane gav oss og gode tilbakemeldingar på opplegget.

Loggførar:
Ove Losnegård

Tysdag 26. mai 2009

Mannskap: Roar Moe (høvedsmann), Ove Losnegård (halskar), Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann sløyd) og Are Morten Follevåg (halskar sløyd).

Ny ladning med elevar frå Dingemoen skule i Dale. 6. klasse + nokre 7. klassingar gjorde at vi vart om lag 30 elevar. Store grupper, kanskje litt for store, men trass alt gjekk det fint. Asbjørn og Are M. må i dag hatt rekord i produksjon av småbakkejekter – 30 på 3 effektive timar! Asbjørn har pønska ut nye, snedige måtar å rigge den på. Estetisk og praktisk.

Lite vind gjorde at det vart mykje roing på gruppene i dag. Første gjengen rodde eit lite stykke innover Flekkefjorden for å sette segl på heimturen. Antall knop og utsegla distanse vert ikkje nemnt i denne samanhengen. Den andre gruppa rodde heile tida, og vi tok ein tur vestover mot Tysse og Eikerol. Høvedsmannen måtte spe på med nokre vitsar for å få roarane til å halde koken. Ein god dag – og fornøgde lærarar og elevar tok bussen heim etter ein annaleis skuledag.

Etter at elevane var reist hadde Are Morten, Asbjørn, Ove og Roar eit oppsummerings- og planleggingsmøte. Siste undervisningsdag i denne omgang på Jensbua vert i morgon, onsdag 27. mai.

Loggførar: Roar Moe

 

Onsdag 27. mai 2009

Mannskap: Som i går.

12 elevar frå Flekke skule og 3 elevar frå Guddal skule + 3 lærarar, 5. og 6. klasse + ein 7. klassing.

Vi valde i dag å samle alle i ei gruppe, som før mat laga småjekter. Ein elev skar seg i fingeren, elles gjekk alt fint. Asbjørn og Are Morten hjelpte så mange dei kom over, men likevel blir det knapt med tid for å få småjektene såpass ferdige at dei får til resten sjølv – anten heime eller på skulen.

Etter matfri med jektekost (spikjekjøt og heimebakt flatbrød), drog vi ut med jekta. Vi rodd eit stykke inn Flekkefjorden, og elevane var svært flinke til å ro! Utatt slo vi nokre slag under segl, og fekk faktisk litt vind å sigle på.

Fin dag med engasjerte elevar og lærarar!

Frå Jensbua 16 35
Til Straumsnes 17 05

På Straumsnes tok vi om bord deltakarar på årsmøtet i Partslaget Bakkejekta: Oddvar Åsnes, Arnulf Aasnes og Jostein Bakkebø + fiskesuppe til årsmøtet. Gang med påhengs i motvind.

Frå Straumsnes 18 00
Til Holmedal 18 30

På Holken i Holmedal hadde vi årsmøte i Partslaget Bakkejekta, åt nydeleg fiskesuppe frå Matglede og drøfta rekkrutteringa til partslaget. Mange sterke meiningar og til tider høg temperatur mellom dei 14 frammøtte.

Frå Holmedal ca 21 00
Til Straumsnes 21 30
Frå Straumsnes 21 35

Ove, Roar og Asbjørn tok fatt på ferda til Hyllestad, der vi skulle ha Den Kulturelle Skulesekken dagen etter. Det vart påhengsfart ut Dalsfjorden i vind frå vest. Kraftige byger med regn og hagl (!), og frå Fureneset til Lammetun liten kuling rett imot. Då sleit påhengsen med å halde farten – vi låg omtrent i ro og måtte legge oss på årane i tillegg til Tohatsuen. Endeleg, etter mykje stamping og vispande påhengspropell, nådde vi Lammetusundet og fekk smulare fartvatn ned imot Korssundholet.

Vi hadde lenge diskutert om jekta kunne gå under Korssundbrua – den er skilta med 8 m seglingshøgde, og jekta har vi målt til om lag 8 m mastehøgde. Mannskapet heldt pusten og såg føre seg broten vindfløy og det som verre var. Men det gjekk akkurat, sjølv om det såg kjempeskummelt ut!

Passerte Korssundholet 00 05

På Åfjorden var vinden meir lagleg, i avtakande VNV laber bris lensa vi behageleg inn heile Åfjorden i skymde på natta. Kraftige byger kom over oss med ujamne mellomrom, men vi kom oss velberga til Hyllestad. Der tørna Bjarne Akse ut og tok imot oss med gode senger og fyr i omnen. Tusen takk, Bjarne!

Til Hyllestad 02 20

Loggførar: Ove L.

Torsdag 28. mai 2009

Mannskap: Asbjørn Igelkjøn (høvedsmann sløyd), Roar Moe (høvedsmann jekta) og Ove Losnegård (halskar jekta)

Hyllestad skule – 18 elevar frå 7. klasse med lærar og assistent. Vi vart godt mottekne på skulen, der vi hadde innleiing på sløydsalen. Så delte vi gjengen i to: Den eine vart att på sløyden og laga småjekter med Asbjørn og assistenten – den andre gruppa gjekk til sjøen, der vi hadde lagt jekta i båthamna.

Noko skiftande ver: Byger, men med mykje opplett og litt sol innimellom. Laber til frisk bris frå vest.

Vi påhengsa oss ut Hyllestadfjorden og segla og kuvende oss innatt mot Myklebustneset. Ungane fekk prøve dei fleste arbeidsoppgåvene om bord, og fekk ro litt på slutten. Til slutt, inne ved kaia, delte vi jektekost: Spikjekjøt og heimebakt flatbrød.

Vi bytte gjeng i storefri.

I sløydsalen vart dei aller fleste ferdige med jektene sine, og kunne stolt ta dei med heimatt. Flott gjeng og engasjerte lærarar!

Loggførar: Ove L.

Frå Hyllestad 14 30

No har godveret kome! Vi påhengsa ut Åfjorden og sette segl i nordenden av Storakersundet. Silkeseglas i NV laber bris ned Storakersundet, Losneosen og utover Sognesjøen.

Passerte Torsholmane 17 30

Nord av Dingja stilna vinden av, så vi måtte kveikje jernseglet og påhengse oss sør Folafotsundet og ut mot Skjerjehamn. Siste stykket sør mot kongen siglde vi – faktisk heilt til kai ved pakkhuset i Skjerjehamn

Til Skjerjehamn 20 10

Her fekk vi fint husvere på toppen, med gode senger og eit varmt måltid før vi stupte til køys.

Fredag 29. mai 2009

Frå Skjerjehamn 05 55

Gråver og litt kald, laber bris frå sør, men opphald. Tok ut mot Byrknes – gjekk Svartsundet – trongt, men godt merka.

Til Byrknes, fiskerihamna 07 10

Toril frå Byrknes skule kom til fiskerihamna 08 15 som avtala, og køyrde oss og sakene våre til skulen. Der vart vi tekne godt imot av dei 20 elevane og lærarane Merethe og Toril i sløydsalen. Høvedsmann Roar fortalde litt om jekta og dagen før han og Ove tok med seg halve gjengen + Toril om bord i jekta.

Sørleg, laber bris utanfor hamna, og vi påhengsa eit stykke sørover før vi heiste segl og sigla oss oppat forbi hamnen.

Dette medan den andre gjengen laga småjekter med Asbjørn og lærar Merethe.

Vi rodde oss oppatt i hamna – etter kvart fann vi takten og! – og avslutta økta ved kai med jektekost og god prat.

Etter matfri bytte vi, slik at alle fekk prøve alt.

Ein flott dag med flotte elevar og flotte lærarar. Takk for at vi fekk kome!

Frå Byrknes, fiskerihamna 14 25

Lite vind, så vi påhengsa oss til Eivindvik, der vi la jekta utanpå Penelope. Steinar Jørs tok godt imot oss og lova å sjå etter jekta i pinsehelga.

Til Eivindvik 16 35

Steinar køyrde oss til ekspressbåten i Sollibotn. Då tok vi pinsehelg.

Loggførar: Ove L

Tysdag 2. juni 2009

Ove, Asbjørn og Roar kom med diverse ekspressbåtar til Sollibotn og Eivindvik på kvelden 2. pinsedag. Vi hadde tinga køy på Eivindvik Fjordhotell, og fekk eit måltid mat og ein god prat før vi gjekk til køys.

Nordleg kuling var rapporten meterologane gav oss, og med to rev i seglet tok vi ut mot Dalsøyra 07 00

Mykje rotete vind i Gulafjordane, så vi tok i hop og gjekk for motor til Dalsøyra.

Til Dalsøyra 07 40

Etter ei kort innleiing og gjennomgang av dagsplanen delte vi oss i to grupper – 6. klasse segla først og 5. og 7. klasse gjekk i sløydsalen med Asbjørn. Store grupper denne gongen: 15 og 14 elevar.

Seglgruppa gjekk for motor nordover, rodde litt og så sette vi segl og lensa i 5 knops fart sørover fjorden. Fin seglas og god stemning om bord. Gjorde vendereis mot Dalsøyra for motor med servering av spikjekjøt og flatbrød. Ove og Roar gjekk til skulen og hadde lunsjpause med lærarane.

Asbjørn og båtbyggjarane vart nesten ferdige med småjektene.

Andre økta var omtrent som første, men vi segla litt lenger sør denne gongen.

Elevane vart til slutt samla til ei oppsummering før vi sa vel heim. Flott gjeng! Så sette jektekarane kursen mot Eivindvik att.

Sagt på Dalsøyra:
Elev viser nypussa mast til Asbjørn: ”Er den like fin som i Eivindvik?”
Elev tek på seg redningsvesten: ”Huff, her luktar det Byrknesing!”

Loggførar: Roar M

Onsdag 3. juni 2009

Eivindvik skule, 5. og 6. klasse, 13 elevar. Lærarar: Sølvi Ann og Ingrid.

Nordleg vind, lettskya, sol innimellom. Aukande vind utover dagen.

Vi tok ut frå hotell-flytebryggja kl. 08 00 og sette kursen mot ei steinkai nær Eivindvik skule. Vart svært godt tekne imot av rektor og lærarar, og fekk morgonkaffi på lærarrommet.

Vi bestemte oss for å halde gruppa samla, og starta dagen med småjektebyggjing. Flott gjeng som med stor innsats (sløyfa alle friminutt) nesten vart ferdige med jektene eit stykke inn i matfri.

Etter mat siglde vi ut frå skulen, slapp oss ned rundt neset mot Eivindvik, påhengsa oss ut Prestesundet, og sette segl innatt. Mykje fallvind gjorde seglasen vanskeleg, men mannskapet (elevane) klarte med iherdig innsats å få oss inn mot Guløy. Her skar Ove spikjekjøt og delte ut flatbrød, før vi påhengsa oss oppat mot skulen. Siste stykket rodde elevane som heltar i motvinden, til vi klappa til steinkaia att.

Vi fekk gode tilbakemeldingar frå elevar og lærarar (minus sauetalga i seglet), og vi takkar så mykje for flott innsats i mannskapet! Takk for oss!

Loggførar: Ove L.

Torsdag 4. juni 2009

Onsdagskvelden var fokuset retta mot meteorologiske utsikter for torsdag og fredag. Ville NV-en minke såpass at vi kunne gå nordover mot Rutledal og vidare mot Brekke? Etter frukost ringde vi Brekke skule, DKS v/Margrethe og Eivindvik skule, og fekk klarering for at Brekke skule kunne kome til Eivindvik fredag. Stiv kuling var varselet, og vi var nøgde med avgjerda.

5. klasse ved Eivindvik skule var dagens mannskap. Sidan dei berre var 14 elevar hadde vi dei ilag i ei gruppe. Første økta var i sløydsalen 09 00 – 11 30 og etterpå gjekk vi til sjøs. Vi rodde, segla og gjekk for motor ut Prestesundet. Segla i frisk bris og to rev i seglet tilbake gjennom Prestesundet medan Ove stod på land og tok bilete. Så plukka vi Ove opp ved Jørsen, la oss utpå fjorden, dreiv sørover og spiste flatbrød og spikjekjøt.

Det smakte, og når klokka nærma seg 14 00, la vi til ved kaien, ei kort oppsummering og ”en lille” historie før vi sa takk for oss. Tøffa for motor til hotellet og ei siste natt på Eivindvik Fjordhotell. Besøk hos Jørsen om kvelden.

Fredag 6. juni 2009

Siste dag på 2009-turneen, og frukost på hotellet kl. 07 00. Dette er første morgonen vi ha skua utover Prestesundet liggande i havblikk. Vi pakka oss ut for andre gong og drog 08 05 frå flytebryggja mot steinkaien (allmenningskaien) i Midttun-vågen. Brekke skule kom med buss kl. 09 20, og vi gjekk i gang med arbeidet med småjektene umiddelbart. Sidan Brekke skule skulle reise med buss heimatt kl. 12 30, rakk vi berre å gjere småjektene halvt ferdige.

Deretter gjekk vi rett i jekta, og etter ein kort introduksjon rodde vi sørover mot innløpet av Prestesundet. God innsats, og vi sette segl og segla i høgste gange med vind frå styrbord hals. Fin bidevind-seglas inn Midttun-vågen før vi tok i hop og det var tid for spekekjøt og flatbrød. Så rodde vi oss tilbake til kaien og hadde ei lita oppsummering før vi tok avskjed – og turneen var ferdig for denne gong.

Roar, Asbjørn og Ove gjekk tilbake til skulen for å rydde i sløydsalen, hente verktøy og utstyr og takke Eivindvik skule for hjelp og velvilje gjennom heile veka. Deretter tok vi jekta til kaien til Steinar Jørs. Vi la oss på utsida av Penelope, der Asbjørn og Ove rydda opp og pakka ned utstyr og motor. Roar tok seg av loggføringa. Vi gjorde oss klar til å forlate Bakkejekta, men jekta jekta er snart klar til Hardangertur og trebåtfrendar i Norheimsund.

Avrunding arbeid kl. 14 00, nokre timar i Eivindvik og deretter nordover til Solund og Fjaler med ekspressbåten kl. 18 00.

Loggførar: Roar M.

Mannskapet på skulesekk-seglaset 2009 vil gjerne få takke alle som har bidratt til å gjere denne flotte turneen mogeleg: Først og fremst DKS-koordinator Margrethe Henden Aaraas, alle engasjerte og hyggjelege lærarane, gjestfrie og hjelpsomme rektorar, og sist men ikkje minst alle kjekke og interesserte elevane. Hjarteleg takk!

Ei spesiell takk til Steinar Jørs, som alltid seier ja og stiller opp!

For mannskapet, Ove Losnegård

 



Partslaget Bakkejekta

Styreleiar Bjarne Akse
6957 Hyllestad
Epost: bjarne.akse@enivest.net
Tlf: 577 88 525 / 952 00 611

Driftsansvarleg Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
Epost: ovelos@online.no
Tlf: 97 07 91 39

Bankkonto 3705.10.25319
Kjenningssignal Bakkejekta LE 4785