Sjøsetjing og folkefest – Jonsokafta 2006
Det var stor folkefest på Jensbua jonsokafta 2006, då Bakkejekta vart sjøsett. Meir enn 500 menneske hadde møtt fram for å sjå Bakkejekta møte Dalsfjorden. Dale Musikkorps, Fure og Våge Songlag, Dalsfjorden Spelemannslag og Yttafrå var med på å gjere kvelden til ei flott oppleving.
Jekta glei vakkert og roleg ut, boren av mange jektefolk. Ei stor stund for alle hoggarar, dugnadsfolk, partseigarar, samarbeidspartar og dalsfjordingar. Styreleiar Marit og jektehoggar Ove takka alle og for alle fine gåver, og lova stor fest til hausten.
Få augekrokar var tørre då jekta glei ut i sitt rette element og Ove, Asbjørn, Marit, Bernhard og dei andre hoppa ombord, skåla med nygla dei hadde fått frå Bergen Kystlag og gjorde seg klar til sin første rotur. Men først vart jektehoggar og prosjektleiar Ove lempa på sjøen av glade jektehoggarar frå Hardanger. Kaldt, men fantastisk!
Festen heldt fram lenge...

  Sjøsetjing og folkefest

Bakkejekta blir døypt – Jonsokafta 2006
Etter ein fin rotur på ein sommarstille Dalsfjord, kom jekta til Holmedal omlag kl. 17 på jonsokdag 24. juni 2006. Holmedølingane tok svært godt imot oss og varta opp med flott dans av barneleikarringen, skodespel av ungdomslaget, song av Jubelhornet og god mat i samfunnshuset. Dei hadde også utsett jonsokafta og brende bål og hadde dans til ære for jekta.

Gudrun Ingvaldsen frå Lågøy i Solund døypte Bakkejekta i heimebrygg frå Dalsfjorden. Ingrid Hugøy (10 år) frå Askvoll hjelpte henne med det. Dei ynskte den nye Bakkejekta hell og lukke på Dalsfjorden og alle andre hav.

Ordførar i Askvoll, Aud Kari Steinsland, bar - saman med ordførar i Gaular, Jenny Følling - fram gåve frå kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Gaular. Det var ei flott skipskiste der Bakkejekta skal samle skattar frå sine turar langs kysten.

Birgith Boge og Brit Kirsten Nilsen gav gåve og helsing frå Holmedal Vel - ein gåvesjekk på kr 2 000.-
Kåre Jarl Langeland og Håkon Dyrstad helsa frå Stiftinga over Stokk og Stein og gav bilete frå turar dei har hatt, og ein krengingsmålar til jekta.

Marny Tønnesen helsa frå Indre Sogn Kystlag, gav oss sjøkart og inviterte oss dit i september.
Rolf Losnegård las og gav oss vakkert dikt.

Per Arne Tveit bar fram gåve frå Rivedal Grendelag, ein ballaststein funnen på Ripeneset. I steinen er gravert inn bumerket til Sjur Vindheim, jektebyggjaren.

Jektestyreleiar Marit Steinsund tala vakkert om at ei av løysingane på 40-årskrisa kan vere å byggje seg ei jekt, og jektehoggar Ove Losnegård takka alle mykje og spesielt holmedølingane for varm mottaking av Bakkejekta til bygda.

Partslaget Bakkejekta sender ei varm takk til alle som har vore med og gjort jonsokhelga 2006 til ei stor oppleving for oss alle!

  Bilete frå dåpen

Rigging av jekta – Juni 2006
I veka før sjøsetjinga jonsokafta 2006, vart riggen til Bakkejekta laga. Under leiing av reipslagar Ingunn Undrum frå Hardanger Fartøyvernsenter laga vi ståande og løpande rigg. Rune Burdahl, Anders Pihl og Marit Steinsund var hennar læreviljuge elevar og medarbeidarar, og også fleire frå dugnadsgjengen bidrog til å få dette til. Nydeleg mat vart som vanleg levert av Lise og Jostein i Matglede.
Tusen takk til alle!

  Billete frå rigging


7. byggjesamling – Mai 2006
29. mai 2006 starta vi 7. og vonleg siste byggjeøkta på den nye Bakkejekta. Vi har lova henne sjøklar til jonsokafta, så no var det ingen veg attende! Dei to staute båtbyggjarane Bjørn Ådne Kvalvik og Bjørn Lingener frå Hardanger Fartøyvernsenter har saman med Ove Losnegård bygt i to veker, og som du ser på bileta, har noko skjedd! Tusen, tusen takk til Bjørn & Bjørn Ådne!
Men vi må ikkje gløyme at dugnadsfolket Oddvar Åsnes, Asbjørn Igelkjøn, Arthur Boge, Arnulf Åsnes, Bernhard Tysse, Jostein Bakkebø og Lise Brandal har stilt kvar kveld i denne svært hektiske innspurten. Vi takkar og bukkar så mykje - utan dei hadde vi aldri fått dette til!
Klarer vi det eller klarer vi det ikkje? Sjå bileta og døm sjølv!

  Bildearkiv 7. byggjesamling (nye bilete)

  Bildearkiv 7. byggjesamling


Seglkurs – April 2006
Torsdag 20.april kom John Einar Hovemoen frå Bergen Kystlag til Jensbua. Ærendet var at han saman med Dag Rune Økland og Camilla Blikstad skulle gje oss ei innføring i kunsten å segle med råsegl.
Vi var 12 deltakarar på kurset- Ove frå Jensbua, Marit og Are-Morten frå styret, dessutan Jorunn Vågen, Asbjørn Igelkjøn, Anders Pihl, Arthur Boge, Roar Moe, Martin Ingvaldsen, Harald J.Stavang, Per A.Kristiansen og Erlend Gjelsvik.
Etter tre timar seglteori smakte det med Lise si gode fiskesuppe, og vi hadde ein triveleg kveld på bua før praten etter kvart stilna.

Lise frå Matglede hadde også levert frukost og god niste til fredagen. Denne dagen skulle vi prøve teori i praksis- segle med jekta Den gode Hensigt frå Korssund til Hyllestad. Vi fekk ein lærerik dag i flott vårver. - Nesten vindstille, men det var like godt sidan på langt nær alle var fullbefarne seglarar….endå…
Takk til alle saman for hyggjeleg kurs- her er nokre av bileta som Anders tok under seglasen:

  Seglkurs 2006


6. byggjesamling – Oktober 2005
No har vi borda henne opp! 3. - 7. oktober 2005 samlast Anders Geertsen og Bjørn Ådne Kvalvik frå Hardanger Fartøyvernsenter, Einar Borgfjord og Øystein Elgvasslien frå Båtskott/Museet Kystens Arv og Ove Losnegård frå Jensbua/Bakkejekta til ny byggjesamling. Etter lange, strie og kjekke dagar frå tidleg morgon til sein kveld fekk vi på 8. og siste omfaret torsdag 6. oktober kl. 22 00.
Takk for flott innsats til alle saman! Takk til Matglede og Lillingstonheimen for god mat og godt stell!
No ser vi fram til å leggje inn band og betar, lage veng, tilfar, årar og mast. Bli med på dugnadene i vinter, du og!

  Bildearkiv 6. byggjesamling


5. byggjesamling – April 05
11. april samlast Peter Helland Hansen, Roald Renmælmo og Ove Losnegård til ny byggjeøkt. Først reiste vi til Florø og vitja originalen og fekk nokre fleire mål ut av henne, så hogde og bygde vi resten av veka. Anna Linnea Rundberg, Hermod Kvellestad, Bernhard Tysse, Arthur Boge, Asbjørn Igeltjøn, Oddvar Åsnes, Jostein Bakkebø og Are Morten Follevåg var også på ulikt vis med på dugnad. 30 elevar frå Våge skule og 4 elevar frå Sande skule kom til oss og laga naglar til jekta.
Matglede heldt som vanleg nydeleg mat og Lillingstonheimen fyrsteleg ovenatting.

Hjarteleg takk til alle!

No er vi komne så langt med jekta at omlag 1 1/2 borgang står att, så no trur eg vi med godt samvit kan seie at vi er halvferdige - og kanskje vel så det!

Velkomen att til neste økt!

  Bildearkiv 5. byggjesamling


Seglmakarkurs
18. – 21. februar 2005

Ei fin helg i februar 2005 samlast 12 seglentusiastar på Jensbua for å lære seg litt av kunsten å sy segl, og for å sy seglet til Bakkejekta. Lærar var Vegard Heide frå Fosen Folkehøgskule.
I løpet av 4 arbeidssomme, hyggjelege og spennande dagar sydde vi ferdig det om lag 25 kvm. store råseglet til Bakkejekta, og Vegard fekk lært oss mykje om seglsying.
Tusen takk til deltakarane Harald Stavang, Per A. Kristiansen, Bjørn Fjellheim, Per Bj. Ørjansen, Stein Georg Våge, Alf Karstein Rokstad Tveit, Bernhard Tysse, Lars Olav Rylandsholm, Jorunn Vågen, Lars Bjarte Osland, Roar Moe og Marit Steinsund.
Tusen takk til Matglede ved Lise og Jostein for nydeleg mat og godt stell!

  Seglmakarkurs 2005


4. byggjesamling – Desember 04
Jektehoggarane våre kunne ikkje vente, så allereie 29. november 2004 samlast vi att: Peter Helland Hansen, Anders Giertsen, Roald Renmælmo, Einar Borgfjord, Madeleine Harms, Marius Langeland, Ove Losnegård, Jan Haugen, Arthur Boge, Joar Espedal, Oddvar Åsnes m.fl. tok fatt på spegelen, 4. og 5. omfaret.
Ein gjeng kløyvde opp 200 nagleemne som vi fekk lagt til tørk.
Stamnvindene vi hadde grovhogd til å brukast framme, vart for smale, så vi måtte skaffe ny stokk og kløyve til bruk her. Nøtsund Sag leverte fin stokk til dette, og Hundershagen Sagbruk leverte 5/4 ’’ bord til meddiker (borda i midten).
Torvund Smijern hadde smidd meir fin 2 1⁄2 og 3 ’’ saum til oss.
Då jektehoggarane endeleg klarte å gje seg seint fredagskvelden, var vi nesten ferdig med 5. omfar. Då er det 3 att!!! Velkomen att til nye forteljingar over nyttår!

  Bildearkiv 4. byggjesamling


3. byggjesamling – November 04
1. november samlast vi til 3. byggjesamling for Bakkejekta: Peter Helland Hansen, Anders Giertsen, Einar Borgfjord, Madeleine Harms, Ove Losnegård, Joar Espedal, Arthur Boge, Mari Sandsund, Anna-Linnea Rundberg, Roald Renmælmo og Nils David Vagstad. I løpet av ei travel, men svært hyggjeleg og gjevande veke fekk vi på to omfar til på jekta, så no står ho der med til saman 3 omfar/bordgangar.
Det vart også spunne ein del sisnor (til å leggje i sua mellom borda) av saueull og kuhår, og handhøvla eller pjåla bord til fleire omfar.
På slutten av veka minka det sterkt på den handsmidde saumen, så no må Torvund Smijern lage meir! Vi vil nytte høvet til å takke båtbyggjarane og dei friviljuge så mykje for kjempeinnsats så langt, og ynskjer velkomen til ny byggjesamling så snart som vi får det til! Følg med, følg med!

  Bildearkiv 3. byggjesamling

        Firda 10.11.2004, Bakkejekta tek form:  Side 16.  Side 17.  


2. byggjesamling – August 04
I Dalsfjordveka, 9. – 15. august 2004, samlast byggjarane til ny økt. I mellomtida hadde alle vinder, halsar og andre bord som vart grovhogde i januar, tørka. Vi hadde også leita skogane i Sunnfjord rundt etter emne til stamn. Det skulle vere i bjørk og med ei krumming som viste seg svært vanskeleg å finne. Hadde han Sjur – som bygde originalen – tilgang til krummare og større bjørker enn vi??? Til slutt, i ein kombinasjon av stamn frå Espedalen i Fjaler (stor takk til Joar Espedal!) og stamnlot frå Rennestraum i Fjaler (stor takk til Arthur Boge!), fekk vi det til.
I løpet av samlinga vart kjølen strekt, stamnen sett opp og kjølrennene sett på. Så no står ho der, oppreist og vakker! Med på denne samlinga var Peter Helland Hansen, Einar Borgfjord, Anders Giertsen, Håvard Gjerde, Roald Renmælmo, Ove Losnegård, handverkarar frå Jensbua og friviljuge frå Partslaget Bakkejekta.

  Bildearkiv 2. byggjesamling


1. byggjesamling – Januar 04
Etter initiativ frå båtgranskaren og –byggjaren Jon Godal, samla vi i hop båtbyggjarar frå heile landet til samling 19. – 23. januar 2004. Under fagleg leiing av Jon starta vi med dokumentasjon og oppmåling av originalen på Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø. Resten av veka arbeidde vi med grovhogging av botnen – 4 første omfara, kjøl og lot på Jensbua. Med på denne samlinga var Jon Godal, Terje Planke, Svein Erik Øya, Roald Renmælmo, Peter Helland Hansen, Ove Losnegård, handverkarar frå Jensbua og friviljuge frå Partslaget Bakkejekta.

  Bildearkiv 1. byggjesamling

Les artikkelen «Å hogge ei jekt» av Ove Losnegård, publiseret i Fartøyvern nr 8. 2003 (pdf)


Partslaget Bakkejekta

Styreleiar Bjarne Akse
6957 Hyllestad
Epost: bjarne.akse@enivest.net
Tlf: 577 88 525 / 952 00 611

Driftsansvarleg Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
Epost: ovelos@online.no
Tlf: 97 07 91 39

Bankkonto 3705.10.25319
Kjenningssignal Bakkejekta LE 4785