Aktivitetsplan 2010  – mai 10
Her kjem første utkast til aktivitets- og sglingsplan for Bakkejekta sommaren 2010. Mange arrangement og dagar er ikkje klare enno, så vireknar med at planen blir påfylt og endra undervegs. Følg med, følg med!
Finn dine arrangement og turar og meld deg på som mannskap!

Skumringsturar på Dalsfjorden juli 2009  – august - 09
I samarbeid med prosjektet ”Arven frå vikingtida” i regi av Stiftinga Jensbua har vi i sommar prøve ut kvelds- og skumringsturar på Dalsfjorden.

Bakkejekta siglar for Den Kulturelle Skulesekken – Februar 09
Sogn og Fjordane Fylkeskommune hadde tinga oss til ny seglas, etter den vellukka seglasen hausten 2007. I år er det skulane i Fjaler, Hyllestad og Gulen som ligg i leia.
sjå logg og bilete her

Seglingsplan for sommaren 2009  – april - 09
Her finn du kvar jekta skal i sommar. Finn din tur eller arrangement og meld deg på som mannskap!
Vi treng deg! Meld deg til Ove på 97 07 91 39 eller ovelos@online.no

Årsmøte i Partslaget – April 09
Hei partseigar i Bakkejekta! Du blir med dette kalla inn til årsmøte i Partslaget Bakkejekta onsdag 27. mai 2009 kl 19 00. Stad: Holken i Holmedal. Det blir vanlege årsmøtesaker og orientering om seglingsplanen i sommar. Fiskesuppe og forfriskingar.
Bakkejekta g år frå Straumsnes kl. 18 00 med retur etter årsmøtet.
Bakkejekta skal til Hyllestad etter årsmøtet – vi skal sigle med 5.-7. klassingar der dagen etter. Har du lyst å vere med på nattseglas ut Dalsfjorden og inn Åfjorden vakraste tida på året? Meld deg på til underteikna!

Hjarteleg velkomen!
For Partslaget Bakkejekta
Ove Losnegård, skrivar

Bakkejekta siglar i Den kulturelle skulesekken! – Februar 09
Siste veka i mai og første veka i juni 2009 siglar Bakkejekta til skulane i Fjaler, Hyllestad og Gulen. Hausten 2007 var vi hos skulane i Askvoll og Solund, og vi er svært glade for å kunne gjere dette igjen! Sjå loggbok for seglasen i 2007 her (link) . Sjå program for årets seglas her

Hardanger Båtfestival – i år skal vi klare det! – Februar 09
I fjor måtte vi gje tapt for synnakulingen, men i år satsar vi friskt på å nå Norheimsund til helga 19. – 21. juni 2009. Turen vil truleg ta om lag ei veke, med eit par dagar på kvar side av helga, og kanskje blir det ei lita flotilje med båtar som fer? Bli med då vel!
Meld deg på til Ove på 97 07 91 39 eller ovelos@online.no

Sommarloggbok – juli - 08
Dalsfjordveka, mv.,
Forbundet Kysten sitt landsstemne i Fosnavåg,

Losnaspelet

Vi kom til Hardanger Båtfestival - utan jekta! – juni - 08
Vi kom til Hardanger Båtfestival - utan jekta!
Det vart så dårlege vermeldingar i veka før festivalen at vi valde å avlyse turen. Kuling motvind begge vegar er ikkje hyggjeleg. Driftsansvarleg Ove vart så lei seg for at vi ikkje kom til festivalen, at han lasta informasjon og jekteprodukt og reiste til Norheimsund med bil. Der stod han på stand heile helga og fortalde om jekta som ikkje kom. Mykje fine båtar, folk og mykje interesserte folk, men lite sal. Hardanger Båtfestival er ikkje først og fremst ei salsmesse, og det var absolutt noko som mangla når ikkje jekta var med oss.
Vi må og ta med at jektekar Rune Burdahl var der med sin nye,sjøllaga, flotte seglar, som han fekk festivalen sin pris for beste nybygg for. Gratulerer, Rune!
Vi vonar å vere tilbake - med jekt - neste år!
Hardanger Båtfestival finn du her: www.trebaat.no

Årets første tur – juni - 08
Bakkejekta skyssa seminardeltakarar til Holken i Holmedal!

Seglkurs på vårvakker Dalsfjord! – mai - 08
11 kunnskapstørste jekteseglarar samlast til seglkurs i helga 23. - 25. mai. Som vanleg var det nydeleg ver og kanskje litt lite vind på seglkurset vårt.

Vårens kjekkaste helg? – april - 08
Årsmøte I Partslaget Bakkejekta blir halde på Jensbua sundag 4. mai kl. 18 00. Vanlege årsmøtesaker.Dugnadshelg Laurdag 3. mai og sundag 4. mai frå kl. 12. Ta med arbeidskle og ver med på å gjere Bakkejekta klar til Sjøsetjing.Måndag 5. mai frå kl. 20. Vi treng mange hender! Alle velkomne!

Aktivitetskalender 2008  – mars - 08
Finn det du har lyst å vere med på, og meld deg på!

Strategimøte og haustfest 16. november
Styret for Partslaget Bakkejekta inviterer med dette til strategimøte og haustfest på Jensbua fredag 16. november 2007. Då er du hjarteleg velkomen til å vere med på å oppsummere sesongen, drøfte strategi og satsing framover og nyte god mat og drikke saman med gode jektevener. Kr. 100.- pr pers.
Påmelding til 91 38 34 59 innan 1. november.

Hjarteleg velkomen!
Beste helsing styret

Bakkejekta seglar for Den Kulturelle Skulesekken!
Hausten 2007 siglar vi til skular i Askvoll, Solund og Fjaler. 5. - 7. klassingane får ro og sigle, smi småjekter og høyre historia om jektefarten på fjordane og kysten vår. Vi samarbeider med Helle Fabrikker, som har gitt klassesett med gode smiknivar!


Sjå opp, snart kjem jekta til ein skule nær deg!
Her finn du logg frå ferda og her finn du Den Kulturelle Skulesekken.

Bytur med jekta 29. juni – 4. juli 2007 – juli - 07
Bakkejekta sin første langtur gjekk til Bergen med seglhungrige og byhungrige sunnfjordingar og sogningar ombord. Nådde vi byn? Sjå loggen vår her

Seglkurs med Bakkejekta 1.– 3. juni 2007 – juni 07
Partslaget har som målsetjing å starte kvar sesong med kurs i segling av Bakkejekta, og fredag 1. juni samlast 14 nyfikne seglarar saman med instruktør Anders Geertsen. Anders har segla mange råseglbåtar, både i Roskilde og i miljøet på Fosen.
Fredagskvelden rigga vi jekta, planla helga og hadde kveldsmat saman. Etter kveldsmaten hadde vi ein lten segltur på Dalsfjorden, som ein aperitif på helga.
Laurdag segla og rodde vi ut mot Vårdal og Hellevikja, men vinden la seg heilt på føremiddagen. Vi rodde litt, drøsa mykje og nokon av oss bada. Like over middag kom vinden att, og vi fekk trenga på stagvendingar, kuvendingar og å legge bi.

Sundag segla vi i fjorden mellom Tysse og Rivedal, og etterkvart fekk vi bra vind. Meir trening på stagvendingar, og nokre av oss fekk prøve høvedsmannsrolla. Alle fekk elles prøve alle funksjonar om bord: Halsar, boline, signat, brasar, ror, skaut og årar.
Anders instruerte på ein svært god måte, og vi lærte mykje om segling med råsegl, kommandoar, om Bakkejekta i sjøen, og ikkje minst lærte folk kvarandre å kjenne. Og så hadde vi med fantastisk god mat frå Matglede! Tusen takk!

Deltakarar: Asbjørn Igelkjøn, Oddvar Åsnes, Judit Bakkebø, Oddvar Gjelsvik, Ragnhild Tveiten, Ove Myklebust, Jofred Åsnes, Are Morten Follevåg, Jon Kolbeinn Gudmundsson, Arthur Boge, Einar Pettersen, Anders Pihl og Ove Losnegård.

Og så slikt eit ver!!!    Bilete frå seglkurset finn du her!

Video – feb 07   [ del 1]  [ del 2]   [ del 3 ]  [ del 4 ]   [ del 5]   [ del 6]   [ del 7]   [ del 8]

Loggbok – juli og august 06
Bakkejekta er i full drift og skal på "alle" arrangement, festivalar og dagar i Sunnfjord og Ytre Sogn i sommar. Og vi seglar og seglar..... Vil du vere med? Les loggboka vår her......

Sjøsetting 2006 - sjøsetjing og folkefest! – juni 06
Det var stor folkefest på Jensbua jonsokafta 2006, då Bakkejekta vart sjøsett. Meir enn 500 menneske hadde møtt fram for å sjå Bakkejekta møte Dalsfjorden. Dale Musikkorps, Fure og Våge Songlag, Dalsfjorden Spelemannslag og Yttafrå var med på å gjere kvelden til ei flott oppleving.
Jekta glei vakkert og roleg ut, boren av mange jektefolk. Ei stor stund for alle hoggarar, dugnadsfolk, partseigarar, samarbeidspartar og dalsfjordingar. Styreleiar Marit og jektehoggar Ove takka alle og for alle fine gåver, og lova stor fest til hausten.
Få augekrokar var tørre då jekta glei ut i sitt rette element og Ove, Asbjørn, Marit, Bernhard og dei andre hoppa ombord, skåla med nygla dei hadde fått frå Bergen Kystlag og gjorde seg klar til sin første rotur. Men først vart jektehoggar og prosjektleiar Ove lempa på sjøen av glade jektehoggarar frå Hardanger. Kaldt, men fantastisk!
Festen heldt fram lenge...
Meir om rigging, sjøsetyjing og dåp finn du her!

7. byggjeøkt – juni 06
Fleire bilete frå bygjesamliing 7 finn du her!

7. byggjeøkt – juni 06
29. mai 2006 starta vi 7. og vonleg siste byggjeøkta på den nye Bakkejekta. Vi har lova henne sjøklar til jonsokafta, så no var det ingen veg attende! Dei to staute båtbyggjarane Bjørn Ådne Kvalvik og Bjørn Lingener frå Hardanger Fartøyvernsenter har saman med Ove Losnegård bygt i to veker, og som du ser på bileta, har noko skjedd! Tusen, tusen takk til Bjørn & Bjørn Ådne!

Men vi må ikkje gløyme at dugnadsfolket Oddvar Åsnes, Asbjørn Igelkjøn, Arthur Boge, Arnulf Åsnes, Bernhard Tysse, Jostein Bakkebø og Lise Brandal har stilt kvar kveld i denne svært hektiske innspurten. Vi takkar og bukkar så mykje - utan dei hadde vi aldri fått dette til!

Klarer vi det eller klarer vi det ikkje? Sjå bileta og døm sjølv!

Stor gåve frå Fylkesbanken! – Mai.06
Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt ei gåve på kr. 100 000.- til Bakkejekta! Dette er fantastisk og set oss i stand til å gjere jekta ferdig til sommaren, slik vi har tenkt. Vi takkar så mykje og lovar å gjere vårt beste for eit godt samarbeid mellom banken og Bakkejekta framover. Les meir på banken sine heimesider

Ny byggjesamling - 7. og siste! – Mai.06
29. mai til 2. juni 2006 samlast byggjarane til 7. og siste byggjesamling. Peter, Bjørn Ådne og ein til frå Hardanger Fartøyvernsenter kjem og skal saman med Ove Losnegård og dugnadsfolket byggje veng, leggje settbord, lage årar, tilfar, keipar og mast.
Kjem du også???

Seglkurs April 2006 – April.06
Torsdag 20.april kom John Einar Hovemoen frå Bergen Kystlag til Jensbua. Ærendet var at han saman med Dag Rune Økland og Camilla Blikstad skulle gje oss ei innføring i kunsten å segle med råsegl.

Aktivitetskalender 2006 Feb.06
Våren og sommaren 2006 blir den mest spennande og krevjande i Bakkejekta si nyare historie.
Bli med oss på eit krafttak for å kome i mål, og set av datoane no!

Fjord 1 Fylkesbaatane kjøper seg opp i Bakkejekta! – Nov.05
Styret i Fjord 1 Fylkesbaatane har vedteke å kjøpe 10 partar i Bakkejekta, og blir då - saman med Askvoll og Fjaler kommunar - største partseigar i jekta. Vi er svært glade for at Fylkesbaatane engasjerer seg i Bakkejekta og kystkulturen, og takkar så mykje.

Jekteprodukt Kjøp flotte handverksprodukt og støtt Bakkejekta!

6. byggjesamling 3. - 7. Oktober 2005
Denne veka er Bakkejekta ferdig oppborda !!! Etter lange, strie og kjekke dagar frå tidleg morgon til sein kveld fekk vi på 8. og siste omfaret torsdag 6. oktober kl. 22 00.

Vi brenn for Bakkejekta!
For å førebu oss på EU-direktiv og vere sjølvhjelpne, har Partslaget - med brennarane Asbjørn Igeltjøn og Oddvar Åsnes i spissen - brent to fat med fururøter. Av desse fata fekk vi omlag 15 liter førsteklasses båttjøre, og 5-6 liter noko mindre rein hustjøre. Og så har det vore frykteleg moro - så no kan EU berre kome med det dei vil - vi er førebudde!!

Blir du med oss? Pr. sepåtember 2006 er det tinget 274 partar i Bakkejekta!  

Har du høyrt om Bakkejekta eller Holmedalsjekta? Ho er ei lita jekt frå Holmedal, 30 fot lang og bygt truleg rundt 1750 av Sjur Vindheim. Du har kanskje sett henne på Kystmuseet i Florø, der ho no, etter eit langt og omskiftande liv nyt livskvelden.

Bakkejekta lasta om lag 40 tønner og var ein av den tida sine kystfraktebåtar. Dei frakta ved, tønner med sild og andre varer til Bergen, og ”kjøpevarer” med heimatt. Fleire gardar eller eit bygdelag eigde gjerne ei jekt saman.

Bakkejekta var rekna som ei svært rask jekt, og Jens Sørenson Bakke (fødd i 1866) fortalde til båtgranskaren Bernard Færøyvik om ein tur dei hadde til Bergen då han var gut. Dei reiste frå Holmedal kl. 9 om morgonen og var i Bergen kl. 4 om ettermiddagen. Lasta var 11 dyr som dei leverte undervegs. Dette vil seie ein gjennomsnittsfart på 9,7 knop! Men då måtte dei ha hatt ein god nordavind i ryggen. Svikta vinden, og jekta måtte roast, var nok kvar mil eit slit.

Bakkejekta er ein av Norges aller eldste bevarte båtar, og vi er her i kontakt med byggjeteknikkar frå mellomalderen. Heile botnen i jekta er hogd daud – dvs. at borda er hogde i den forma dei har – ikkje bøygde på plass. Det tyder at den som vil byggje på same måten må leggje som forutsetning at saga ikkje finst!
For å kunne byggje ei skikkeleg, ny Bakkejekt etter tilnærma same teknikkar som for 250 år sidan, har vi organisert byggjinga som faglege samlingar for båtbyggjarar frå heile landet – båtbyggjarar som har røynsle frå og interesse for hogging av båtar. Norsk Handverksutvikling støttar prosjektet.


Det er mange gode grunnar til å byggje ei ny Bakkejekt:
  • Byggjinga og bruken av Bakkejekta vil gje oss verdfull kunnskap om båtane, levemåten og historia vår – og i tillegg garantert mykje moro!
  • Bakkejekta vil skape stemning og vere aktør på arrangement i fjorden og regionen: Gaularspelet, Losnaspelet, Askvollmarknaden, Gulatinget, Kystkulturdagen på Jensbua m.m.fl., og på den måten binde oss betre saman i fjorden vår!
  • Med Bakkejekta bør vi minst ein gong årleg sigle til Bergen og selje ved, fisk, gardsmat og andre tradisjonsrike varer frå Dalsfjorden. Og kanskje kan vi etterkvart slå fartsrekorden!
  • Bakkejekta kan bli ein attraksjon i seg sjølv og brukast i utvikling av reiselivet her i fjorden – både som symbol og som ”charterbåt”
  • Bakkejekta vil auke medvitet om og interessa for kystkulturen i regionen vår

På jektekveld på Jensbua 28.11.2002, der 27 jektekarar og -kvinner frå heile regionen var samla, vart det bestemt å skipe eit partslag for Bakkejekta. Partane skal koste kr. 3 000.- pr. stk. og seljast til interesserte einskildpersonar, institusjonar, bedrifter, lag og organisasjonar i regionen. Sjå referat frå skipingsmøtet.

Byggjinga av Bakkejekta starta på Jensbua 19. januar 2004. Ho vart sjøsett 23. juni 2006.

Arbeidet blir ein kombinasjon av profesjonell innsats og dugnader. Slik vonar vi også å byggje naust for jekta i Bakkefjæra i Holmedal.
Når den er ferdig, får alle partshavarar rett til ein viss bruk av jekta saman med andre. For jekta skal binde fjorden og folk saman – hugs det!

Pr. september 2006 er det tinga 274 partar i Bakkejekta!  Teikningsinnbyding finn du her

Blir du med oss?

Kontakt  Ove Losnegård , Stiftinga Jensbua
Tel. 57 73 90 20  /  91 38 34 59
Bankkonto 3755.11.0674



Partslaget Bakkejekta

Styreleiar Bjarne Akse
6957 Hyllestad
Epost: bjarne.akse@enivest.net
Tlf: 577 88 525 / 952 00 611

Driftsansvarleg Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
Epost: ovelos@online.no
Tlf: 97 07 91 39

Bankkonto 3705.10.25319
Kjenningssignal Bakkejekta LE 4785